Hoppid
Hoppid er ei ordning der Møre og Romsdal Fylkeskommune, gjennom kommunane, bidrar med midlar til kurs og tilskot til nyetablerarar.
Gjennom ordninga får både nyetablerarar og eksisterande virksomheiter tilgang til nettverk, tilskotssordningar, investormiljø og kompetanse.
Næringsfagleg vurdering
Dersom du mottar dagpengar eller arbeidsavklaringspengar og ønsker å etablere eiga verksemd, kan du søke om å behalde ytelsen under etablering.
Næringsfagleg vurdering kostar 1 500-.
Kommunalt næringsfond (KNF)
Kommunalt næringsfond er ei tilskotsordning som gir kommunar og regionråd midlar til lokale næringsutviklingstiltak. Målet er at midla skal gjere kommunane i betre stand til å legge til rette for auka vekst, verdiskaping og sysselsetting, bygd på lokale fortrinn og potensial.
Du kan søke om inntil 150 000 kroner frå fondet. Tilskotet kan ikkje utgjer meir enn 50 % av den totale finansieringa.
Kven blir prioritert?
Industri- og produksjonsbedrifter er prioritert, vidare tenesteytande virksomheiter og deretter andre virksomheiter. Ved tildeling av næringsfond blir mellom anna styrking av bedrifta si konkurransekraft, veksttiltak og nye arbeidsplassar vektlagt.
Korleis søke?
Søknadsskjema
Planar
Nyttige lenker