Kven kan ta prøven?
Alle som ønsker det kan ta etablererprøven. Den som søker om å bli godkjent som styrar eller avløysar på stader med sals- eller skjenkeløyve må ha bestått prøven. For å bli godkjent som styrar eller avløysar på ein stad med skjenkeløyve må du ha fylt 20 år. Om du skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og servere mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablererprøven.
Kva er pensum?
- Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapitler 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter
- Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapitler 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter
Boka "Kunnskapsprøven i alkoholloven" inneheld det du treng å vite før du tar kunnskapsprøven for sals- eller skjenkeløyve. Innbyggartorget i Sula kommune har eit eksemplar av boka til utlån. I tillegg kan du kjøpe materiell som nettkurs og pensumhefte, samt få moglegheit til å teste deg sjølv, på vinn.no.
Kva kostar det?
Du betalar når du møter for å ta prøven. Du kan betale kontant eller med kort.
Kvar tar du prøven?
I innbyggartorget på rådhuset. Du kan også ta prøven i andre kommuner.
Gjennomføring av prøven
- Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førerkort eller bankkort med bilde.
- Du må levere frå deg telefonen før du tar prøven.
- Prøven er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 60 minutt. Du må ha færre enn 7 feil for å bestå.
- Prøven er på norsk, det er ikkje anledning til å ha med tolk, men du kan bruke norsk ordbok.
Tilrettelegging ved spesielle behov
Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelser, nedsett hørsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det lar seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.
Kor mange gongar kan du ta prøven?
Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale pr. prøve.
Påmelding
Ta kontakt med oss på telefon 70 19 91 00 eller e-post for å avtale tid.
Prøvebevis
Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi lagar beviset medan du ventar eller vi kan sende det til deg på e-post.
Lover og reglar