SalsløyveLytt til tekstenStopp avspillingNår treng du salsløyve? Butikkar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve. Salgsløyve gjeld for drikke med inntil 4,7 volumprosent alkohol. Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve Kven kan få salsløyve? Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven. Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. Korleis søke? Bruk det elektroniske søknadsskjemaet. Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på. Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt. Vedlegg til søknad: Firmaattest Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar Teikning av lokalet inne og ute Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigerandelar oppgitt i prosent Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap Du finn oversikt over alle vedlegg i søknadsskjemaet. Kor lang tid tar det? Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjør endringar undervegs i behandlinga av søknaden. Rapportering Omsetning skal rapporterast til Sula kommune ein gong i året på eige skjema. Lover og forskrifter Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar. Act on the sale of alcoholic beverages Alcohol Regulations