Skjenkeløyve - ambulerande og enkeltarrangement

Når treng du å søke?

Du må søke om skjenkeløyve om:

  • Du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement 
  • Du leige lokale, tar betalt for alkohol eller om lokalet berre har serveringsløyve 
  • Du skal ha eit arrangement som er opent for publikum, i lokaler utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område

Kven kan få ambulerande skjenkeløyve?

  • Søker må vere fylt 20 år
  • Du må oppgi ein person som skal være ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år

Korleis søke?

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet.

Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.


Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt. 

Hvor lang tid tar det å få svar?

Behandlingstida er normalt 2 veker, men for større arrangement/festivalar må ein rekne med lengre behandlingstid

Kva kostar det?

Pris for skjenkeløyve - ambulerande og enkeltarrangment
Type løyve Pris .
Ambulerande skjenkeløyve 420,00 pr.døgn
Skjenkeløyve for enkeltarrangement 420,00 pr. døgn

Lover og forskrifter