"Som Rammeplanen seier, skal leiken ha ein sentral plass i barnehagen. Barnehagen skal vidare bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik, aleine og saman med andre".
I Langevåg barnehage skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling. Vi ønskjer og ha ei spennande tilrettelegging for leik og læring.
Leiken er den viktigste arenaen for barns læring og utvikling av eigen identitet og sjølvkjensle. Barnehagens miljø inne og ute er av betyding for barnas læring. Leiken og utstyr skal være tilgjengeleg, variert og innby til kreativ leik og utforsking. Innreiing, leiker og utstyr skal være slik at barna blir inspirert til å leike og utforske. Det fysiske miljøet i barnehagen skal også bere preg av barns medverknad og barnas initiativ.
Nokre eksempel på leikemiljø i Langevåg Barnehage: