MoTo - Motorisk leik og læring
MoTo står for "Motorisk leik og læring i barnehagen". Dette er eit opplegg utarbeida av fysioterapeut, ergoterapeut, rådgjevar for barnehagar og folkehelsekoordinator, i samarbeid med Molvær Barnehage gjennom utviklingarbeidet To Fram i Sula kommune. Opplegget er laga for å sikre det som skjer rundt den motoriske utviklinga til barna i barnehagealder. Dei ulike tema i opplegget er med og legg grunnlaget for utvikling av ferdigheiter som skal gjere barna meir modne og klar for læring ved skulestart.
I vår barnehage har vi implementert MoTo-leik i planane våre. Dette har vi tatt med heilt frå årsplan og inn i månedsplanane våre på avdeling. MoTo er eit systematisk arbeid der vi ut frå aktivitetskort knytt til kvart tema kan arbeide med dette på kvar avdeling. På avdelingane har vi MoTo-leik kvar veke.
MoTo tema - Ei årsoversikt
I løpet av barnehageåret vil vi arbeide med desse tema innanfor MoTo-leik
- Finmotorikk
- Kinetisk sans og auge-hand trening
- Grunnleggande aktivitet
- Hoppe aktivitet
- Uteaktivitet
- Kaste/sparke aktivitet
- Balansesans
- Berøringssans
- Koordinasjon
- Hørselssans
- Stabilitet og balanse
- Valfri aktivitet
Aktivitetane vert gjennomført med barna ut frå aktivitetskorta vi har. Aktivitetskorta inneheld både bilete og beskriving av aktiviteten. Fokus for aktivitetane er at barna skal oppleve bevegelsesglede og mestring - dette skal vere kjekt !
Eksempel på MoTo aktivitetskort
Sist endra 20.01.2023 12.04