Planar, dokumentasjon og vurdering
Barnehagen har faste rutiner på planar som vert utdelt. Dette vert fast utdelt frå barnehagen:
- Månedsplan
- Årsplan
- Verksemdplan
Dokumentasjon av personalet sitt arbeid, synleggjer korleis personalet arbeider for å oppfylle krava i barnehagelova og rammeplanen. Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planlegge, vurdere og utvikle den pedagogiske virksomheita.
Dokumentasjon kan til dømes vere:
- Månedsplanar
- Tilbakeblikk
- Teikningar
- Foto av aktivitetar, turar m.m
- Utstillingar av arbeid
Dei tilsette i barnehagen vår vurderar skriftleg alle arrangement og planar. Det betyr at det pedagogiske arbeidet skal beskrivast, analyserast og tolkast i frå barnehageplanane våra, barnehagelova og rammeplanen. På den måten reflekterar vi til ei kvar tid over eigen praksis i kollegiet og på avdelingane, som gir personalet eit utgangspunkt for vidare planlegging og gjennomføring.
Publisert 06.05.2019 13.46
Sist endra 26.04.2022 14.09