Ei av våre viktigaste omsorgsoppgåver i barnehagen, er å sørge for at ditt barn får god søvn eller nødvendig kvile i løpet av barnehagekvardagen. Dette les vi også om i Rammeplanen, som beskriv at barnehagen skal legge til rette for balanse mellom aktivitet og kvalitet.
Nokre barn søv i vogn, medan andre får korte eller lengre innslag av rolege stunder. Alle avdelingane ved Langevåg Barnehage legg til rette for kvilestunder for barna som ikkje søv fast. Under desse "kvilestundene" kan vi lese bøker, lytte til lydbok eller roleg musikk.
I følge boka "Alt jeg kan" vert hjerna vår "vaska" når vi søv. Hjerna vår jobbar med å fjerne unødvendig informasjon, og vert klar for nye inntrykk og opplevingar. Søvn er særleg viktig under barndommen, og ofte treng ein meir søvn enn en trur. Nyere hjerneforskning viser at søvn er viktig for utvikling og læring ("Alt jeg kan", 2019).
Publisert 12.10.2020 14.02
Sist endra 12.10.2020 14.52