Førskulegruppa

Barnehagen har eige førskuleopplegg. Vi har felles førskulegruppe på tvers av avdeling raud og grøn. På den måten får barna bygd nye og tette relasjonar i førskulegruppa, og vi trur dei då vert enda betre rusta til å verte delt inn i ulike klasser når dei skal til på skulen.     

Førskulegruppa har eige pedagogisk opplegg 2 dager i veka, ein turdag og ein oppgåvedag. På turdagen er dei alle på fellestur, og på oppgåvedagen er dei delt inn i mindre grupper med ein vaksen som leiar gruppa. På oppgåvedagen vert det lagt opp til oppgåver som gir barna ei moglegheit til å få auka ferdigheitene sine før skulestart. Det er styrar som har utarbeidd førskuleopplegget i samråd med pedagogisk-leiar teamet.

Førskuleborna har eige friminutt kvar oppgåvedag - då får dei lov til å være ute på eiga hand, noko som gir dei ansvar. Vi jobbar med at dei skal verte sjølvstendige og oppfordrar dei til å prøve sjølve før dei spør ein vaksen på gruppa, så kan barnet og den vaksne reflektere saman om korleis oppgava skal løysast. Barna verte også oppfordra til å hjelpe kvarandre før dei ber dei vaksne om hjelp, på den måten ser vi at borna får meir empati og respekt for kvarandre.

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete