Satsingsområde 2024-2025

Inkludering og sosial kompetanse

Heile barnehagen har same satsingsområde for eit år i gongen. Avdelingane prioriterar tema og innhald utifrå dei ulike barnegruppene. Avdelingane sine prioriteringar kjem fram i årsplanen, i månadsplanar og vekeplanar.

Inkludering og sosial kompetanse

INKLUDERING  handlar om å leggje tilrette for sosial deltakelse - som gjer at alle som er tilknyta barnehagen viser aksept for at alle har sin naturlege  plass i fellesskapet.

SOSIAL KOMPETANSE er eit sett av ferdigheiter, kunnskap og haldningar som vi trenger for å meistre ulike sosiale miljø, og er ein føresetnad for å fungere godt sman med andre. 

Les meir om dette i årsplanen. for 2024-2025

 

    Utviklingsarbeid

Utviklingsarbeid i barnehagen handlar om å jobbe systematisk for å forandre eller utvikle/forbetre pedagogisk praksis. Målet er at den pedagogiske praksisen skal fremme barna sin trivsel og utvikling.  I tillegg blir vi ein lærande organisasjon, som samtidig gir dei tilsette moglegheit for eigenutvikling.  Vi har barnehagebasert kompetanseutvikling, som involverar alle tilsette.  

Inneverande år har vi eit utviklingsarbeid i tråd med Sula kommune sine felles prioriteringar for alle einingar i Oppvekst, som gjeld INKLUDERING, og i tillegg fokus på språk.    Vi nyttar Utdanningsdirektoratet (Udir) sine opplæringsmodular i arbeidet med inkludering.  Inkludering gjeld også språk, og barnehagane skal ha fokus på ASK (Alternativ Supplerande Kommunikasjon) gjennom ReKomp (Regional Kompetanseutvikling) i 2024-2026. Utviklingsarbeidet vårt blir dermed litt to-delt, men likevel sett i samanheng i det pedagogiske arbeidet.  

Les meir om alt dette i årsplanen.