Måseide barnehage har tilsette som er bevisste på språk og kva moglegheiter vi har til å stimulere barns språkutvikling.
I praksis betyr det at dei tilsette:
- kommenterar og setter ord på ting i kvardagen, handlingar, tankar, opplevingar, følelsar og aktivitetar
- nyttar daglegdagse situasjonar til samtale
- tilrettelegger for deltaking i samtalar
- støtter barna ved å gjenta med heile setningar, hjelper samtalen i gong, nyttar rett språkleg form
- forklarar, undrar seg saman med barna, reflekterar, diskuterar - leikar med språket og undrar seg over det
- er bevisst på å veksle mellom samtalar i "her og no"-situasjonar og samtalar om "der og då"-situasjonar
- er bevisst sin bruk av spørsmål - og få til gode dialogar
Avdelingane har språkgrupper der vi har fokus på gode samtalar og aktivitetar som stimulerer språket. Språkgruppa kan innehalde aktiviteter som dramatisering med konkretar, bordaktiviteter, språkkort, bøker, små filmklipp, bilder, songar, munnmotorikk, rim og regler. Barna som er to-språklege har ekstra oppfølging og fleire språkgrupper i veka. Vi har elles fokus på å utvikling og fremme språket gjennom heile dagen, og oppmuntrar og legger til rette for samtalar i alle situasjonar.
Vi nyttar generelt bøker og høgtlesing, ulike spel og leik.
Barnehagen har ulike verktøy i språkarbeidet, mellom anna:
- Språksprell
- Snakkepakken
- Babblarna
- Grep om begrepa
- Språkleik med øvingar
- TRAS (Tidleg Registrering Av Språk - i dagleg samspel)
- Nya SIT med tiltakspakke
Minoritetsspråklege barn
Vi har fått mange gode tips og materiell frå spesialpedagog v/PPT, med fokus på språk - førstespråk og andre språk, korleis språkutviklinga skjer og kva type materiell og aktivitetar vi kan nytte for at barna skal få lære norsk, som då også støttar deira førstespråk og andre språk. Barnehagane i Sula har også ein spesialpedagog i PPT, som delar av stillinga si, blir nytta som ressursperson i språkgrupper i kvar barnehage som har minoritetsspråklege barn.