Planar, dokumentasjon og vurdering
I Måseide barnehage har vi arbeidsmåtar som handlar om å gjere pedagogisk arbeid synleg og opent for dialog og diskusjon
Årsplanen er ein plan for kva året skal innehalde. Her står viktige datoar, arrangement og tema. Dette er arbeidsreiskap for personalet til å lage innhald i barnehagekvardagen. Vidare vert det laga månadsplan og vekeplan ut i frå årsplanen. I desse dokumenta får ein meir detaljert informasjon.
Dokumentasjon skal gje informasjon om kva barna opplever lærer og gjer i barnehagen. Vi dokumenterer for å kunne lære av eigen praksis, for å kunne vurdere kva som er bra og kva som kan gjerast betre. Dokumentasjon av barneahge sin praksis blir til pedagogisk dokumentasjon når personalet og barn reflekterar over og diskuterar den.
Dokumentasjonen foregår på ulike måtar
- Gjennom ulike planar
- Dagtavle/ whiteboardtavle
- Fredagspost med tekst og bilder frå veka som har gått
- Kunst og bilder på veggar
- Facebook
- Instagram
Når barnet slutter i barnehagen får det ein perm med bilder, kunstverk og minner frå tida i barnehagen.
Vi vurderar skriftleg alle planar og arrangement i barnehagen. Då reflekterar vi over innhaldet og gjennomføringa - kva er bra og kva kan gjerast betre - for å kunne utvikle oss som ein lærande organisasjon.
Sist endra 08.02.2022 15.11