Foreldreråd og SU

Formål

Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordna organ. Utvalet skal særleg vere med å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag, og samarbeide for å fremme kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutvalet skal alltid godkjenne årsplanen for kvart år.

Foreldrerådet i barnehagen er alle føresette til barna i barnehagen. Foreldrerådet skal sikre samarbeid mellom barnehagen og heimen.  Foreldrerepresentantane blir valt nye til kvart år, på foreldremøte i september.

Samarbeidsutvalet i Måseide barnehage 2023-2024

  • Eigarrepresentantar, Sula kommune:  
    •  Martin Skår (Frp)
    • Marianne Fiskerstrand (Frp) - Vara
  • Foreldrerepresentantar:                      
    • Elise Ringstad - leiar
    • Nina Måseide - nestleiar
  • Tilsetterepresentantar:                       
    • Linda Renate Vanebo, pedagogisk leiar
    • Karline Hope Jørgensen, barne- og ungdomsarbeidar
  • I tillegg møter styrar: May Torvnes Dybvik - sekretær

Kommunen sin representantar sit i SU for 4 år i gongen, dei resterande andre sit for 1 år i gongen. Styrar er alltid sekretær.