Dei tilsette i Måseide barnehage har arbeidd mykje med korleis vi skal vere gode vaksne i barnehagekvardagen.
Våre verdiar og vårt pedagogiske grunnsyn, viser våre kunnskapar, verdiar og haldningar gjennom alt vi seier og gjer gjennom barnehagedagen.
Vårt grunnsyn speiler seg derfor i vår visjon, mål og målsettingar, og korleis vi jobbar med omsorg, danning, leik og læring. Barn har ulik personlegheit og skal møtast med anerkjenning og respekt for den dei er. Barn har rett til eigne meiningar, behov og følelsar, og dette må vi ta hensyn til. Å bygge relasjonar heile tida – heile året er derfor heilt avgjerande.
Autoritativ vaksenstil:
Gode relasjonar er alfa og omega når ein skal skape gode lærings- og leikemiljø for barna. Den autoritative vaksenstilen blir framheva som den beste i møte med barn, og er derfor den Sula kommune ønskjer skal kjenneteikne alle tilsette i heile oppvekstsektoren. Den vaksne har då positiv kontroll, set tydelege genser og har klare forventningar til barnet, samtidig som dei er varme og aksepterande. Dette har vi beskrive i vårt pedagogiske grunnsyn.
Barn som møter autoritative vaksne som lyttar til behova og ønska deira, samtidig som dei tek vaksenkontroll for å ivareta interessene i fellesskapet, lærer seg sosialt akseptable normer for åtferd. Barna lærer seg å vente på tur, vere vennlege, ta initiativ og møte nye utfordringar med nysgjerrigheit, interesse og sjølvtillit. Når dei vaksne har gode relasjonar til kvart barn, styrkar det relasjonen mellom barna.