Bursdagsfeiringa består i
Barnehagen kjøper inn ein liten ispinne til alle barna, og steller i stand til selskap.
Dette høyrer med til ein vellykka bursdag:
- Bursdagssamling
- Ekstra tilbereding og litt pynt på borda
- Kongestol og fint pynta kongekrone
Bursdagsbarnet får vere aktivt med i planlegging og gjennomføring.
Bursdagsinvitasjonar
Vi vil helst at bursdagsinvitasjonar vert levert ut utanom barnehagen. Om de må levere ut invitasjonar i barnehagen må det leverast ut til ei definert gruppe som kan forklarast for barna (f.eks. førskulegruppa eller alle 3 åringane).
Det er gøy å bli invitert, og sårt å ikkje bli det. Så då må vi i barnehagen ha muligheit til å gi ei forklaring.
Ver også merksam på at bursdagsselskap kan bli brukt som maktmiddel: ".....då får ikkje du komme i selskapet mitt..." Dette blir sagt for å oppnå noko. Det vi i personalet seier då, er at det alltid er mamma og pappa som bestemmer kven som inviterast i selskapet, ikkje barnet.