Å ha barn i barnehagen er ganske enkelt, vi ordner det meste i løpet av dagen.
Men der er enkelte ting som må kome heimefrå
- Drikkeflaske (ta med heim til vask minimum ein dag i veka)
- Solkrem (barna må smørast FØR dei kjem til barnehagen)
Vi i barnehagen er glade i å vere ute og å gå på tur, i all slags vêr. Det er derfor viktig at barna har godt med klede i barnehagen. Tenk årstid og vêr.
Vi har begrensa plass til oppbevaring,så ta med kleda heim når dei er våte eller skitne. Hugs å ta med reine neste dag.
Dette bør barnet ha liggande i barnehagen
- 2 stk bukser (evt fleece/ull) /shorts (kortebukser)
- 2 stk t-skjorter / ulltrøyer / bodyar
- 2 stk strømpebukse / ullongs
- 2 par sokkar (gjerne ull)
- 2 gensarar ( evt fleece / ull)
- 2 stk truser (eller fleire ved overgang frå bleie til truse)
- 1 par tøfler/innesko
- 2 stk hue
- 2 par vottar (som toler vatn)
- 1 hals
- 1 sett regntøy
- 1 dress (tilpassa årstid)
- 1 par støvlar/cherrox
- 1 par sko etter årstid
Ta med bleier om barnet bruker det. Gjerne slike med festing på sidene, så personalet slepp å ta av alle beinkleda for å skifte bleie. Om barnet treng anna salve enn zinksalve, så ta med det.
Når barnet skal slutte med bleie, snakk med personalet, så følger vi opp dette i barnehagen også.
- Bleier (ikkje up&go)
- Evt anna salve enn zinksalve
- Mange truser og skift når barnet skal slutte med bleie.
Dei barna som har behov for å sove i løpet av dagen, får sove når dei har behov for det. Dette blir avtalt individuelt for kvart barn, spør gjerne personalet om råd. Barna søv i vogn ute, under tak.
Barna søv i private vogner. Ta med ei vogn de ikkje er så redd for, men som fungerar slik den skal.
Ha i barnehagen:
- vogn
- sele
- vognpose, eventuelt lita dyne, pute og ullteppe
- regntrekk
- myggnetting