Mat og rutinar

Barnehagen sitt ansvar

Barnehagen har ansvar for å legge til rette for måltid som fremmar helse. Vi skal bidra til at barna får gode vaner når det gjeld kosthald, og til at barna utviklar ei forståing for korleis dei kan ta vare på eiga helse. Vi er ein arena der barna på ein naturleg måte kan tileigne seg kunnskap og gode haldningar når det gjeld mat, måltid og hygiene. Måltid betyr også samhandling og fellesskap – eit ledd i utvikling av sosial kompetanse.

Kosthald

Vi legg vekt på eit sunt og variert kosthald etter helsedirektoratet sin anbefalingar - så langt vi klarer innafor dei rammene vi har i høve økonomi, personalressurs. og pedagogiske prioriteringar.  

Vi er ikkje ein sukkerfri barnehage, men vi har ei bevisst haldning til bruk av sukkerhaldige matvarer i barnehagen.

Måltid

Det blir servert 3 måltid i barnehagen pr. dag

  • Frukost mellom 8:00 - 8:30
  • Lunsj rundt 11:00 -11:30 
  • Eit måltid som inkluderer skive/knekkebrød, frukt eller grønsaker rundt 14:00. 

 

Vi tilbyr barna sunne kvardagsmåltid.  Barnehagen kjøper inn matvarer, frukt, mjølk og yoghurt og alt anna som trengs til matlaging.  Alle avdelingar serverar varmmat omlag 1 gong i veka.  Varmmat på grua ute og stormkjøkken på tur, er også eindel av det avdelingane kan tilby.  Val av varmmat og tillaging blir slik det er best for barna, barnegruppa og i høve personalressurs vi har tilgjengeleg.  Barna får vere med i matlaginga slik dei tilsette legg opp til på kvar avdeling. Det blir ein balansegang i høve prioriteringar både pedagogisk, tidsbruk (tillaging og opprydding) og type varmmat.  

Vi tar omsyn til eventuelle allergiar eller andre nødvendige forhold - i dialog med foreldra.  

Mat – måltid – hygiene

Vi har gode rutinar for å sikre god hygiene ved matlaging, og ved måltid inne og ute. 

Pris

Kostpengar i barnehage
Foreldrebetaling for kost Pris
Heil plass 387,00
4 dagar 326,00
3 dagar 250,00
Kostpengar kjem i tillegg til gebyr for sjølve barnehageplassen og skal dekke utgiftene til maten barnet får i barnehagen. Kostpengane blir fakturert saman med gebyret for barnehageplassen kvar månad.