Dei fleste barnehagar har ei ordning med kontaktperson, det vil seie at ein bestemt vaksen har hovudansvaret for kvar sine barn som begynner i barnehagen. Denne ordninga har vi også her på Måseide.
Men, sjølv om barnet er blitt kjent med denne assistenten eller førskulelæraren, er det ikkje alltid prosessen går smertefritt.
Her er nokre ”køyrereglar” for ein god bringesituasjon:
- Foreldra og den tilsette skal vere einige om når det er riktig å ta avskjed.
- Den tilsette skal ha god kontakt med barnet når foreldra seier farvel.
- Det er viktig å vinke og ta farvel. Barnet skal vere klar over at foreldra går; de skal ikkje berre forsvinne i det stille. Det kan skape usikkerheit.
Nokre gonger vil avskjeden vere tung: barnet kan gråte, og foreldra kan då føle seg ulykkelege. Dette er naturleg og heilt normalt. Det er viktig å vere tydeleg som vaksen; det er du som bestemmer og som skal sette grensene. Vil de at dei tilsette skal halde barnet, sjølv om barnet gret og vil til mamma/pappa?
Snakk med kvarandre og med dei tilsette om dette!
Viss du som forelder er uroleg, gjer ein avtale med barnehagen om at de kan ringe og høyre korleis det går.
Som oftast stoppar gråten før de har starta opp bilen…