Tannpuss

Alle avdelingane tilbyr tannpuss til dei barna som spiser frukost i barnehagen og/eller til dei som ikkje har fått tid til å pusse tennene før dei kjem i barnehagen. 

Tannhelsetenesta ønskjer meir fokus på gode vanar og betre tannhelse til barn generelt.  Barnehagen har tannglass, og deler ut tannkost og tannkrem ved oppstart til nye barn. Foreldra må kjøpe ny tannkost og tannkrem etter behov. 

Å pusse tenner skal vere like viktig som å vaske hender.