Molvær barnehage er ein kommunal barnehage med 4 avdelingar. Vi har to småbarnsavdelingar for barn mellom 1-3 år, og to storbarnsavdelingar for barn 3-6 år.
Avdelingane har fått namn etter stader i nærleiken av barnehagen.
Meir informasjon om avdelingane:
Geilneset er ei småbarnsavdeling med barn i alderen 1-3 år
Barnehagen ligg i Geilneset, det vart difor naturleg at den eine aveling fekk dette namnet. Namnet Geilneset kjem av ordet Geil, som tyder ”ein veg med gjerde på begge sider”, noko som det sikkert har vore på vegen ned til Geilneset ein gong i tida.
Telefon til avdelinga
Er ei småbarnsavdeling med barn i alderen 1-3 år.
Den er kalla opp att etter den fjøra som ligg nærast barnehagen. Jakob Molvær hadde naust nede i denne fjøra, derav kjem namnet Jakobfjøra.
Telefon til avdelinga
Mølen er ei storbarnsavdeling med barn i alderen 3-6 år.
Namnet Mølen tyder ”banke av rullestein”. Geilneset og Jakobfjøra er full av rullesteinar. Vidare ligg namnet Mølen til grunn for namnet Molvær.
Telefon til avdelinga
Køyla er ei storbarnsavdeling med barn i alderen 3 – 6 år.
Køyla tyder ”grunt sund – der det er farande for båt berre ved flo sjø”. Staden mellom fjøra og moloen ved gamle Rådhuset på Devold, blir kalla Køyla.
Telefon til avdelinga