Opningstider

Ordinær opningstid 7.00- 16.30

Opningstida i dei kommunale barnehagane er fastsett av Fagutval for oppvekst til inntil 10,25 timar pr. dag, innafor tidsrommet 6.45-17.00 evt 06.30- 16.45. 
Tilrådd maksimal opphaldstid er  9 timar pr dag.

Fleksibel opningstid etter behov

Opningstida i barnehagen blir regulert ut frå påmelding kvart barnehageår. Er det behov for utvida grunna jobb eller helse har vi fleksibel opningstid. Då kan det lagast individuelle avtalar innanfor vedtektene og tidsrommet 06:45 -17:00.

Vedtektene for kommunale barnehagar i Sula kommune

Planleggingsdagar

Det er sett av 5 planleggingsdagar i løpet av barnehageåret. Barnehagen er stengt på planleggingsdagane. Ved starten av kvart barnehageår blir det laga ei barnehagerute som viser kva tid barnehagen har planleggingsdagar.

Skule- og barnehagerute
Skulerute/SFO Barnehagerute SFO
2024/2025 (PDF, 131 kB) 2024/2025 (PDF, 155 kB) Sjå informasjon under skulerute.
2025/2026 (PDF, 108 kB) 2025/2026 (PDF, 150 kB) Sjå informasjon under skulerute.