Sunde barnehage bruker mange arbeidsmåtar for å skape eit godt pedagogisk tilbod til barna. Variasjon i arbeidsmåtar er viktig for å kunne treffe flest mogleg, undersøke trivsel, evner og utvide erfaringsgrunnlag. Det er likevel viktig at dagen for barna er forutsigbar og har gode rammer, då vert det trygt å ha kvardagane sine i Sunde barnehage.
Avdelingane lagar ein vekeplan og dagsplan som har ganske lik struktur kvar veke. Då veit barn og foreldre om barna skal på tur eller vere i barnehagen den dagen. Dagen i barnehagen har også ein fast struktur med tid til planlagte aktivitetar, samlingar, tur og frileik - ved sidan av måltid, stell og overgangsituasjonar. Solhøla vil 2024-2025 ha eit ekstra fokus på god og forutsigbar dagsrytme.
Innanfor denne strukturen er der store rom for ulike tema, prosjekt, verktøy, leik, aktivitet og opplevingar. Vi søker strukturert for at barna får medverke i dette, gjennom måten vi planlegg og vurderer tilbodet vårt på. Barna skal oppleve alle fagormåda og progresjon gjennom arbeidsmåtane vi vel.
Vi har ei mengd med arbeidsmåtar å velje frå, og nokre av dei er tur og friluftsaktivitetar, samlingar med ulikt innhald, formingsaktivitetar, ulike sang- og musikksamlingar og leik med instrument. Vi dramatiserer i lag, deltek i frileik, vi lagar stimulerande leikemiljø etter observasjon og fagleg skjønn på barns utvikling og behov. Vi konstruerer med ulike konstruksjonsleiker, har Moto-leik, vi øver finmotorikk ved å tegne og klippe og vi speler spel. Vi øver språk gjennom Babblerne og ASK, har dagtavle med bildesymbol, les bøker og har fine samtaler i lag rundt måltidet.
Vi bruker også digitale verktøy som arbeidsmåte for å støtte opp under det pedagogiske arbeidet vårt. Barna får delta i å ta bilder og film, og sjå produkta sine etterpå. Vi filmer oss sjølv og gjenopplever augeblikka i barnehagen. Barna er veldig nysgjerrige, og vi leiter stadig opp i appar eller på nett etter ulike artar på insekt, planter eller andre spørsmål barna har. Barna er alltid i lag med personalet når det arbeides med digitale verktøy. Slik sikrar vi at barna får veiledning i kritisk tenking og sikkerhet ved å ferdes på nett og ved digitale verktøy. Vi bruker blant anna Ipad , iphone, ulike typer skjermer, utskrifter/kopimaskin, høgtalarar, mikrofonar m.m i arbeidet med barna. Vi sender også film av førskulebarna til samarbeidsbarnehagane i eit Etwinningsprosjekt.
Den viktigste arbeidmåten for barna er uansett leiken! Dette er barna sin naturlige omgangsform, og mest ønska aktivitet. Vi legg tilrette for og deltek i leik etter observasjon og fagleg skjønn.
Hedvig Montgomery (2019) har i sine bøker i Foreldremagi-serien laga ein liten og enkel, men nyttig og god oversikt over leiken i dei ulike aldersgruppene. Vi bruker desse punkta som utgangspunkt når vi skal sjå på hovudtrekka til leiken i dei ulike aldrane. Vi er likevel bevisste at eit kvart slikt skjematisk oppsett ikkje gjeld for alle, og det er heilt normalt å både ligge før og etter, og begge deler, i dette oppsettet – og det seier ikkje noko om kor gode barn er til å leike. Barn leiker - det er måten deira å vere på.
1 åringen liker titt-tei leiker, og det er viktig at barnet får ha mykje kontakt med vaksne ansikt til ansikt. Sansing er viktig; smake på, kjenne på, peike og sjå. Enkle sangleiker og leik med kroppen liker dei veldig godt, og å få utforske det å kunne reise seg, gå og etterkvart springe. Barnet liker alt som er i bevegelse og stort. Det er ikkje klar til å forstå det å dele med andre. Det er viktig for barnet å få gynge og disse.
2 åringen liker fortsatt det 1 åringen liker, men no begynner også leiker å få liv. Dukke og bamser, biler og båter kan snakke og ha opplevingar og følelsar. Desse leikene blir eit overgangsobjekt, fra å bevege seg vekk fra den trygge relasjonen til ein voksen, til å kunne bevege seg vidare og få bevisstheit om seg sjølv (Befring E. og Helland S. (red.) (2006);57). Det er kjekt med puslespill og enkel konstruksjonsleik. Og dei blir veldig glade om dei får hjelpe til med praktiske ting. Barna vil vere til nytte, og vi ser at barna har nærheit til det dei leiker.
Dyr3 åringen kan snart begynne med enkel rolleleik som mamma-pappa-lillesøster-hund. Barna begynner også å bli meir avansert i konstruksjonsleiken. Fortsatt oppleves leiken å omhandle det som er nært barnet.
4 åringen begynner å bruke fantasien sin i leiken. No ser vi for alvor at inspirasjon frå filmar, spel, fortellingar, ulike yrker og kvardagsliv gir leiken innhald og dramatikk. Her er det viktig kva for inntrykk barna får. No er dei brannkonstabel, doktor, frisør og Kaptein Sabeltann. Barna har no også betre kontroll over fysikken og er klar for større fysiske utfoldelsar.
5 åringen henter inspirasjon til leiken sin fra alt mulig – og alt mulig er mulig! Leiken kan flytte seg kor som helst; til verdensrommet, til Kina, tilbake til heimen, til fotballkampen dei var på i helga. Her er det berre fantasien som set grenser. Fantasileiken handler om å sjå muligheiter og å bygge sjølvtillit – og den skal ikkje vere realistisk – her gjeld det å sjå muligheiter.
I den dramatiske leiken går barnet frå den reproduserende sosialrealistiske leiken til fantasileik (Befring E. og Helland S. (red.) (2006); 56). Dei eldste barna veksler mellom desse typene leik.