Personalet i Sunde barnehage har arbeidd grundig med vår pedagogiske plattform. Og vi er stolte over å kunne presentere det her på heimesida vår. Heile teksten ligg som PDF. Følg gjerne linkane i teksten for å forstå betre innhaldet og djupna i grunntankane våre. Mange av linkane er små videosnuttar.
Den pedagogiske plattforma vår, saman med verdigrunnlaget og visjonen vår, seier mykje om det som ligg til grunn når vi tek val for drift og innhald i Sunde barnehage.
Plattforma inneheld Sunde barnehage sitt syn på barn og barndom, forholdet mellom arv og miljø, nyare hjerneforskning, tilknytningsteori og relasjonskaping. Vidare seier det noko om val av vaksenrolle, progresjon og medverknad. Den pedagogiske plattforma fortel også Sunde barnehage sine hovedtankar om leik, læring, danning og omsorg.