Planar, dokumentasjon og vurdering
Tilbodet barn og foreldre får i Sunde barnehage er ikkje tilfeldig. Tilbodet vert planlagt, gjennomført, dokumentert og vurdert ut i frå lover, føreskrifter, fagleg skjønn og erfaring. Sunde barnehage skal vere ein lærande organisasjon. I 2024-2025 vil medverknad vere ekstra sentralt. Vi vil ikkje ha eit forutbestemt tema, men gjennom observasjon, innspill og fagleg skjønn vil vi finne ut kva vi ønsker å fordjupe oss i. Dette gjorde vi også i 2023-2024, og vurderingsarbeidet etter å arbeid på denne måten viste at barna var interesserte i tema som blei valgt og hadde ein eigedomsoppleving til tema. Vi såg også at leikesekvensane til barna vart lenger.
Vi vil dokumentere og vurdere kvar månad, og såleis kunne sikre at barna får eit breitt fagleg tilbod som stemmer overeins med lover, føreskrifter og lokale planer. Sjå her for å finne ut nærare kva som er med på å bestemme innhaldet i Sunde barnehage.
Årsplanen til Sunde barnehage er digital, og ligg på heimesida til Sula kommune. Den er såleis alltid tilgjengelig for alle som har interesse i å lese han. Årsplanen skal blant anna vise korleis vi vil jobbe med å omsette rammeplan og lokale planar til pedagogisk praksis.
Føresette får utdelt ein kalender der arrangement, planleggingsdagar og bursdagar står oppført.
Avdelingsmøta er bærebjelken i det didaktiske arbeidet vårt. Her deler vi observasjonar, reflekterer saman, planlegg og vurderer arbeidet vårt. Vi har avdelingsmøte kvar veke, og deler møta inn i 4 fokusområder.
Første møte i månaden vil vi planlegge arbeidet. Då tek vi utgangspunkt i vurdering forrige månad.
Andre møte går vi igjennom observasjonar av barna og vurderer om vi må justere praksisen vår. Blir alle barn sett og hørt, får alle medverke og er det noko spesielt vi må følge opp?
Tredje møte er satt av til fagleg fordjupning og til evt tema som er viktig at vi tek opp.
Fjerde møtet vurderer vi praksisen vår, vi samlar saman observasjonar og innspel. Vi nyttar Sunde barnehage sitt utvida GLL-skjema til dette. Ut frå dette møtet vil vi vurdere tema og innhald til neste månad
Det vert skrive referat frå alle møter
Sunde barnehage har sjølvsagt også eigne planar for blant anna HMT, brannvern, pedagogiske opplegg, arrangement, faste aktivtetar, spesialpedagogikk, samarbeid med andre instansar m.m.
Foreldre får ein plan for fast vekestruktur. Denne blir ikkje delt ut på nytt før der er ny struktur. Ulike endringar blir informert om gjennom IST.
Dips-samspel som inneheld individuelle utviklingsplanar, stafettloggar og enkelt samspel dokumenterer og er eit planleggings- og samhandlingsverktøy der føresette og barnehagen kan kommunisere trygt om enkelt barn. Dette er ein del av BTI - Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Sula kommune.
Sunde barnehage dokumenterer arbeidet på ulike måter. Vi dokumenterer arbeidet vårt for å at myndigheter skal kunne sjå at vi følger loven, for å lære av eigen praksis og ta det vidare i vurderingarbeidet vårt, for å vise føresette kva barna opplever i løpet av ein dag i barnehagen, og for at barna skal kunne ta med seg positive minner frå Sunde barnehage. Vi dokumenterer også HMT.
Måter vi dokumenterer på:
- GLL-skjema med vurdering
- Foreldrebrev ein gang i månaden
- Permane til barna
- IST Home
- Facebook
- Instagram
- Oppfølging av rutiner ved ulike lister
- Avviksmeldingar
- Referat frå ulike møter og samtaler
- Dokumentasjon av vurderingar
- Neddy
- Dips samspel
Som lærande organisasjon er det viktig å reflektere over og vurdere om praksisen vi har er til ei kvar tid god nok, og kva tiltak vi kan gjere for å betre og spisse tilbodet vi har. Vi vurderer oss på ulike måter og i ulike fora.
- Avdelingsmøter:
- Vi bruker blant anna eige GLL-skjema
- Halvårsvurdering om korleis vi ligg an ihht rammeplen
- Pedagogisk leiarmøter
- Personalmøter
- Vurdering av overordna prinsipp
- Foreldreundersøkingar
- SU-møter
- Etter foreldresamtalar
- Etter store arrangement
- Dips- samspel, stafettlogg og IUP