Føresette kjenner barna sine best! For at barna skal få gode dagar i barnehagen er samarbeidet mellom heim og barnehage uvurderleg. Vi i barnehagen er heilt avhengig av at foreldre gir tilbakemeldingar til barnehagen - så det må vere lav terskel for å ta kontakt. Barnehagen tek også kontakt fort om vi lurer på noko. Noko treng foreldre å ha med i barnehage, les her kva det er. Foreldre skal medverke i barnehagen, og personalet vil vere lydhøre for føresette sine innspel.
Barna er mange timar i barnehagen, og å få mange barn til å trivast i lag og skape gode dager krevst gode strukturar og god samhandling. Barnehagen høyrer på føresette sine innspel, men har også forventningar til foreldre om å lese utsendt informasjon, forholde seg til dei rammene vi har for tid og opphald og i samarbeid lære barna å ta omsyn til andre.
At foreldrene kjenne kvarandre er også viktig. I år vil vi kalle inn til “kullvise” foreldremøter. I tillegg til eit felles foreldremøte på hausten, vil vi frå november av kalle inn til mindre foreldremøter, der føresette til barn som er i same kulle møtes. Her blir det ulike agendaer, då barna har ulik alder. Men felles for alle er at det er uformelt, samtaleprega og har fokus på å skape relasjonar.
Møtepunkta mellom barnehage og foreldre er: