SuperSundeKoret

Kvar mandag er det korøving med SuperSundeKoret!

SuperSundeKoret er ein del av fokuset Sunde barnehage har på sang og musikk. Og det skal vere gøy! Og der er sjølvsagt faglege tanker bak. Korøvingen opner og slutter på akkurat lik måte, dette skaper forutsigbarhet og trygghet. Vi legg også inn øvingar på å lytte ut tonar og melodiar, og vi øver på artikulasjon og munnmotorikk. Sanger med koordinerte bevegelser er jo både gøy, lærerikt og øver fellesskapsfølelsen ved å gjere det samme saman.

Koret er mest tilrettelagt for Solhøla, men dei eldste på Loppeheimen blir med etterkvart. 

Loppeheimen har særleg fokus på sang, og dei syng mykje. Sjå gjerne videosnutten om samanhengen mellom sang og tilknytning.

Musikk og sang er med i fleire av fagområda i barnehagen. Språk og kommuniksjon er sentralt, både verbalt språk med øving på god artikluasjon, men også å lære tegn til tale gjennom sangar. Det er eit ledd i å vere ein inkluderande barnehage. I sangar med bevegelse får barn felles øving i rytme og koordinasjon, som igjen bidrar til god motorisk utvikling og ikkje minst glede - i lag. Barna får innblikk i musikk som kunstform, og får delta i felles kulturskaping i eit kreativt fellesskap.