Loppeheimen

Loppeheimen er ei småbarnsavdeling med barn frå 0-3år. Vi har stort fokus på god tilknyting og språk.  

 Når eit barn startar hos oss er det aller viktigaste at barnet får ei god tilknytning til oss personale. Vi bruker «The circle of security» som overordna prinsipp. Vi vil være den trygge basen i barnehagen der barnet kan kome og “lade” på fanget og få ein varm klem og ein god samtale. Vi er der for barnet når barnet søker trøst eller bekrefting og vi vil støtte barnet til å utforske og være nysgjerrig. Vi legg vekt på å ha eit godt samarbeid med foreldre. Vi deler kunnskap og erfaringer om god tilknytning, og foreldre hjelper oss å bli kjent med akkurat deira barn og bidrar til å trygge barnet i den nye tilværelsen.  

På vår avdeling er vi opptatt av å legge til rette for ei god språkutvikling. Vi bruker tegn til tale og ASK symbol som støtte for å styrke det verbale språket. Vi har samlinger med inspirasjon fra babblarna der vi får ei meir systematisk oppbygging av språket. Men også gjennom kvardagssituasjonar, song, aktivitetar og andre samlingstunder bruker vi språket slik at vi bygger opp om språkutviklinga.  

I Sunde barnehage har vi eit friluftsfokus, og vil vil også på Loppeheimen aktivt bruke uterommet og naturen i vårt nærmiljø til å bli kjent med den gleden og det mangfoldet naturen har å gi oss. Vi går på tur kvar veke og er ute kvar dag. Dei små barna treng å bruke kroppen aktivt, MOTO-leik vil vi derfor halde på med gjennom heile året både inne og ute. MOTO-leiker utarbeida av fysioterapauter for å gi barna god motorisk stimulering igjennom mange grunnleggande rørsle. Motorisk utvikling er nært knytta til den intellektuelle utviklinga som for eksempel språk.  

Gjennom barnehageåret 2024/2025 vil vi rette noko av fokuset vårt mot å bli bedre kjent med ulike former og farger. For kvar måned vil vi bli kjent med ei ny form og ein ny farge som vi vil flette inn i dei pedagogiske planane som ein liten rød tråd gjennom året. Nokon måneder vil vi ta det inn i leiken, som i august når vi har sirkel som form, vil vi leike mykje med ballar både ute og inne og få ei begynnende kunnskap om ulike former og matematikk. Vi har også ein (smaks)regnbue på avdelinga vår. Vi vil bli kjent med alle dei ulike fargane i regnbuen og finne ulike matvarer i regnbuens farger, slik at vi kan smake oss igjennom alle fargane. Små barn erfarer gjennom sanser, vi vil derfor lukte, smake, føle, utforske og leike med ulike formar og farger gjennom heile året. 

Stikkorda er leik og moro, men på ein medviten og kunnskapsbasert måte. 

Telefonnummer Loppeheimen: 46 83 14 10