Solhøla

Barna på Solhøla er 3-6 år - og denne gjengen vert sprek. Dei er på tur fleire gonger i veka i det flotte nærområdet vårt!

Solhøla er ei storbarnsavdeling med plass til 24 barn mellom 3-6år. I tillegg til arealet i barnehagen har vi også tilgang til Sundsbua som vi har leieavtale med. Det er kort veg dit med stor variasjon av muligheter. Der er kunstgrasbane, turstier, skog og mark og ikkje minst gapahuk med bålplass. Vi går også på tur andre plasser i nærområdet, f.eks Kallarhaugen og fjøra i Nausthaugen.  

 Tirsdag til fredag er alltid ei gruppe med barn på tur. Ved å dele barnegruppa kjem vi nærmare kvar enkelt barn og det blir betre kvalitet på dei pedagogiske opplegga både i barnehagen og på tur. Du kan lese meir om friluftsfokuset vårt her; friluftsliv 

 I fleire år har vi jobba mykje med ASK(Alternativ språkleg kommunikasjon). Vi har sett at både teikn til tale og bildesymbol har ein generell positiv verknad på alle barn. Det gjer kvardagen meir forståeleg og forutsigbar.  

Når barnet kjem inn på avdelinga om morgonen finn det bildet sitt på ei tavle med 5 leikealternativ (ASK- symbol). Barnet får då velge aktivitet og sette bildet sitt der det ønsker å vere. Leikealternativa blir bestemt utifrå kva vi ser barna liker å halde på med. Kvar dag sett vi også opp ei dagtavle som viser kva barna skal gjere den dagen.  Vekestrukturen er fast, men innhaldet varierer alt etter tema.  

Vi har ein fleksibel årsplan med tanke på kva tema vi skal jobbe med. Temaet vel vi ut i frå observasjoner vi gjer av barna sin leik i barnehagen og det vi hører barna er interessert i. Barns medvirkning har stor plass i måten vi jobber på både i barnehagen og på tur. Denne fleksibiliteten gjer også at vi kan vurdere undervegs om temaet skal vare i ein, to eller tre måneder. 

Leik er ein viktig del av barndommen. Leiken har ein eigenverdi, det er gøy å leike! Samtidig er det slik barna tilegner seg kunnskap. Dei bearbeider erfaringer og utforsker livets spelereglar i leiken. Derfor er det viktig å legge til rette for denne leiken både inne og ute. Inkludering er ei overordna satsing som vi jobber med igjennom heile året. Å vere med i leiken er ein viktig del av det å kjenne seg inkludert.  

Om vi er inne på ettermiddagen, ønsker vi at foreldre kjem inn på avdelinga og henter barnet sitt der. Dette er for at personalet skal vere tilstade for dei barna som leiker, og for å skape minst mogleg brudd i leiken. Foreldre får også da sett barnet sitt i leik i barnehagen, og kan hjelpe til å avslutte barnehagedagen til barnet på ein god måte. Husk å ta av skoa.  

I barnehagen får barna frukost, lunsj og eit fruktmåltid. Minst ein gong i veka lagar vi varmmat. Vi er opptatt av at barna skal få god og sunn mat 

 

Dagsrytma på Solhøla ser slik ut:

Kl. 07.00 Barnehagen opnar

Kl.07.45-08.30 Frukost

Kl. 08.30-9.30 Leik/førebuing til aktivitetar/samling

Kl. 09.30-11.00 Aktivitet/tur/leik

Kl. 11.00-11.45 Måltid

Kl. 11.45-14.00 Leik//tur

Kl. 14.00-14.30 Fruktmåltid

Kl. 14.30-16.30 Leik/rydding etter dagen

 

Telefonnummer til Solhøla

Turtelefon: 91 72 84 47

Avdelingstelefon: 91 80 68 36