Å ha bursdag er gøy! Det skal det vere i barnehagen også. Dette er ein dag som er prega av forventning og glede. Hipp hipp hurra!!!!
Bursdagsfeiringa består i:
- Bursdagssamling, der barnet får velje bursdagsbok og får høre fine ting om seg sjølv.
- Barnet får ha på kongekappe og sitje på bursdagsgullstol.
- Lage og få på krone.
- Velge spanande ting frå bursdagsskapet til å pynte bordet med.
- Velge bursdagsservise til måltidet.
Bursdagsinvitasjonar
Vi vil helst at eventuelle bursdagsinvitasjonar vert levert ut utanom barnehagen. Om de må levere ut invitasjonar i barnehagen må det leverast ut til ei definert gruppe som kan forklarast for barna (f.eks. førskulegruppa eller alle 4 åringane).
Det er gøy å bli invitert, og sårt å ikkje bli det. Så då må vi i barnehagen ha muligheit til å gi ei forklaring. Ver også oppmerksam på at bursdagsselskap kan bli brukt som maktmiddel: .....då får ikkje du komme i selskapet mitt... Dette blir sagt for å oppnå noko. Det vi i personalet seier då, er at det alltid er mamma og pappa som bestemmer kven som inviterast i selskapet, ikkje barnet.