Redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO

Ordningane gjeld for familiar eller hushaldningar som har lav inntekt.  Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein plass i barnehage eller SFO.

Det er litt ulike reglar for ordningane, du kan lese meir om den enkelte ordninga i oversikta under

Inntekt

Inntekta som blir lagt til grunn er hushaldninga si samla person- og kapitalinntekt. Omgrepet "hushaldning" omfattar i tillegg til ektefeller og registrerte partnarar, også sambuarar. Med sambuar er meint to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapeleg forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Om desse vilkåra er oppfylt skal altså inntekt til sambuar takast med sjølv om vedkomande ikkje er forelder til barnet.

Sjølvmelding skal leggast ved som dokumentasjon. Dersom det er endringar sidan siste sjølvmelding, eller eit beløp manglar, er du som søker pliktig til å opplyse og dokumentere dette når du søker. 

Slik søker du

Det er kommunen barnet er folkeregistrert i som skal behandle søknad om reduksjon. I Sula kommune skal du bruke desse skjemaene

Skjemaet er elektronisk og du må logge deg på via ID-porten. Hjelp til å logge på.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 01. mai kvart år om du vil ha søknaden behandla innan nytt barnehage- /skuleår tek til i august. Etter søknadsfristen bli søknadane behandla fortløpande.

Klage

Du har rett til å klage. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg. Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteke. 

Kontakt

Rigmor Juul Olsnes
Konsulent
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 48 12 01 92
Pål Sindre Digernes
Rådgivar
E-post
Telefon 95 71 22 59
Mobil 95 71 22 59
Jeanette Reiten
Rådgivar
E-post
Telefon 70 19 95 84
Mobil 95 71 22 57