Søke, svare, endre eller sei opp barnehageplass
Sula kommune har full barnehagedekning fordelt på 4 kommunale og 4 private barnehagar. Det er felles søknadsportal for kommunale og private barnehagar.
Kort fortalt
Litt lengre fortalt
- Du må ha søkt plass til hovudopptaket, søknadsfrist 01. mars.
- Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november.
- Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året du søker om barnehageplass, har rett til å få plass i barnehage frå august.
- Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november kan få plass frå august, men har rett til plass innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år.
- Barn som er født etter 30. november får tilbud om plass om det er ledig kapasitet.
Lovar og reglar
§ 16.Rett til plass i barnehage
Søknadsskjemaet om barnehageplass er elektronisk. Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar.
Du kan velge åtte barnehagar i søknaden din. Prioriter barnehagane frå ein til ni, ved tildeling av plassar.
Du kan søke om barnehageplass i Sula kommune uansett kor i landet du bor, men barn som bor i Sula kommune blir prioritert.
Søknadsfristen er 1. mars.
Du må logge deg inn via ID-porten. Hjelp til å logge på.
Du kan få hjelp til å fylle ut søknadskjemaet på innbyggartorget på rådhuset i Sula kommune. Opningstida der er 09:00 til 13:00. Ta gjerne kontakt på telefon 70 19 91 00 på førehand for avtale tid. Hugs å ta med personnummer til deg og barnet/barna.
Bytte barnehageplass
Du kan søke om bytte til ein annan barnehage. Søker du om bytte vil barnet ditt automatisk få plass i ny barnehage når det blir ledig plass. Ved overgang til ny barnehage blir tidlegare barnehageplass automatisk oppsagt. Hugs at søknad om bytte er bindande.
Endre barnehageplass
Ønsker du å endre barnehageplassen (type plass) gjer du det på same staden som du søkte om plass.
Logg inn med ID-porten, gå til fana min side og nedtrekkmeny og plasseringane mine. Der trykker du på søk om endra plasstype.
Frist for endring/bytte av barnehageplass
Frist for å søke om endring /bytte av barnehageplass frå nytt barnehageår er 1. februar. Om der er ledig plass ved barnehagen vil det likevel vere løpande opptak.
Sei opp barnehageplass
Oppseiingstida for kommunale barnehagar er 3 månadar, for private barnehagar kan oppseiingstida variere alt etter kva som står i vedtektene til den enkelte barnehage. Ønsker du å sei opp barnehageplassen gjer du det på same staden som du søkte om plass. Det er kun den føresette som er registrert som føresett nummer ein som kan sei opp plassen.
Du må logge deg inn via ID-porten. Hjelp til å logge på.
Dei blir tildelt etter prioritet. Informasjon om opptakskriterier og prioriteringar finn du her.
Kva om eg ikkje får plass i dei barnehagane eg har valt?
Du vil få tilbod om plass i ein annen barnehage. Ver merksam på at det berre gjeld om du har svart ja på spørsmålet om du vil ha eit slikt tilbod i søknaden din.
Kva om eg berre ønsker å søke plass i barnehagar i nærområdet?
Då kan det ta lenger tid å få barnehageplass. Du har rett på barnehageplass i kommunen, men vi kan ikkje garantere eit tilbod i ein av dei barnehagane som du har prioritert.
Viss eg har fått plass i ein barnehage som eg ikkje har prioritert, kan eg stå på venteliste til den barnehagen eg har som 1. ønske?
- Du kan takke ja til plassen, og samtidig stå på venteliste til ein barnehage som du har prioritert høgre.
- Du kan takke nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage. NB! Om du takkar nei, har du ikkje rett til eit nytt tilbod om barnehageplass.
Om du søker barnehageplass innan søknadsfristen for hovudopptak, som er 1. mars, vil du få svar i slutten av mars eller starten av april.
Søker du etter 1. mars, vil du bli sett på venteliste og få tildelt plass når barnehagen har ein ledig plass.