Barnehagen skal ivareta barna sin rett til medverknad ved å legge til rette for, og oppmuntre til, at barna kan få gitt uttrykk for sitt syn på barnehagen si daglege verksemd. Barna skal jamnleg få høve til aktiv deltaking i planlegginga og vurdering av barnehagen si verksemd.
Barnet sin medverknad (udir.no)
Alle barn skal få erfare å ha medverknad på det som skjer i barnehagen. Barnehagen skal vere bevisst på barna sine ulike uttrykksformer og tilrettelegge for medverknad på måtar som er tilpassa barna sin alder, erfaring, individuelle førsetnader og behov. Også dei yngste barna, og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for sine synspunkt på eigne vilkår.
Personalet sitt arbeid for eit godt psykososialt miljø (udir.no)
Barna sine synspunkt skal vektleggast i samsvar med alder og modning. Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei rusta til å ta.
Barnet sitt beste skal vere grunnleggjande for alle handlingar og avgjerder som gjeld barn i barnehagen. Barnet sine behov og føresetnader er utgangspunktet for ei vurdering av kva som er barnet sitt beste. Ein må gjere ei konkret og individuell vurdering av kva for tiltak som vil vere det beste for det enkelte barnet.
Lover og reglar
Barnehagelova §3