Kven kan melde frå til barnevernet?
Alle kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn eller ein ungdom kan ha det vanskeleg. Det kan vere foreldre, vener, naboar, barnehage/skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn treng hjelpetiltak. Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med oss.
Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.
Du må ikkje ha observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.
Slik melder du frå
Du kan ringe oss, møte opp personleg eller nytte meldingsskjema.
Her finn du lenke til skejma for bekymringsmelding
Tilgjengelegheitserklæring for Bekymringsmelding (KS Fiks)
Du kan velge å vere anonym. Barneverntjenesten ønsker likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka meir truverdigheit.
Kva skjer vidare?
Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking, eller henlegge meldinga dersom den er openbart grunnlaus.
Barneverntenesta skal gi tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn taler mot å gi tilbakemelding.
Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova.
Lover og forskrifter