For deg som er barn eller ungdom

Når ting blir vanskeleg kan det verke som om heile verda er i mot deg, og at du er den einaste som har det sånn. Det kan vere mange ting som er vanskelege å handtere aleine. I Sula kommune er mange vaksne som arbeider med barn og ungdom som du kan ta kontakt med om noko er vanskeleg.  
 

Kven du kan snakke med i Sula kommune?

Sjølv om den du snakkar med kanskje ikkje er den som kan hjelpe deg best, kan han/ho hjelpe deg til å kome i kontakt med rett person. Gå til den du synest er lettast å snakke med. 
 

Kven andre du kan snakke med?

  • Alarmtelefonen tlf. 116 111 Gratis nødtelefon for barn og vaksne
  • Mentalhelse.no tlf. 116 123 Telefon- og netteneste for alle som treng nokon å snakke eller skrive med.
  • Sidetmedord.no Døgnopen teneste 
  • Kors på halsen  På Kors på halsen kan du prate med, eller skrive til, vaksne som er frivillege i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å sei og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Dei svarar på telefon, chat og e-post måndag til fredag mellom klokka 14:00 - 22:00.
  • Politiet på telefon 112

Informasjon om ulike tema 

Videoklipp

Kontakt

Susanne Gresdal
Fagleiar
E-post
Mobil 95 96 76 66
Barnevernvakt
Telefon 91 57 60 20

Bemanna heile døgnet.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise. Barnevernvakta skal i hovudsak gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Innbyggartorg og sentralbord er opent måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne måndag - fredag 08:00-15:30.