Hjelpetiltak i barnevernet
Hjelpetiltak skal bidra til å støtte barn og foreldre for å fremme gode levekår og positiv utvikling.
I barnevernet vil vi gjerne hjelpe tidleg, før det blir akutt, slik at det ikkje blir vonde situasjonar for barn og familiar. Som regel er det best at barn får vekse opp i heimen sin. Vi skal derfor alltid først vurdere om det er mogleg å hjelpe familien å fungere betre.
Aktuelle hjelpetiltak
- Råd og rettleiing
- Ulike rettleiingstiltak i heimen
- Familieråd
- Fritidskontakt
- Besøksheim
- Barnehage/SFO
- Ulike fritidsaktivitetar
- Om foreldra samtykker, plassering hos andre i familien, i fosterheim eller institusjon
Hjelp utanfor heimen
Nokon gangar kan det vere nødvending å flytte barnet ut av heimen utan at foreldra samtykker. Då overtar barnevernet omsorgen og finn fosterheim eller eit anna omsorgstilbod. Ungdommar kan motta hjelp og støtte fram til fylte 25 år
.