Foreldrerettleiing ICDP - International Child Development Programme.
ICDP er eit universelt førebyggande og helsefremjande program for foreldrerettleiing utarbeida i Noreg, og brukt i meir enn 200 kommunar og i over 30 land. Sula kommune tilbyr fleire grupper årleg.
Målet med ICDP
Målet er å finne trygging og bekrefting på at vi er gode føresette ved at vi blir meir bevisste på kva vi gjer som er bra for barna. Du vil ikkje få ei oppskrift, men hjelp til å finne løysingar for deg og barnet ditt - gjennom samtalar, øving i gruppa og idear eller oppgåver du prøver ut heime. Programmet er basert på 8 tema for godt samspel som vi går gjennom i løpet av dei 8 samlingane.
Korleis kan du få eit endå betre forhold til barnet ditt?
Som føresette har vi mange gleder og utfordringar. I ein travel kvardag kan det bli lite tid til å tenke over korleis vi er som føresette, og kor viktige vi er for barna våre. I ICDP-gruppene blir det lagt til rette for å møte andre foreldre, dele erfaringar og drøfte gleder og utfordringar i samspelet mellom barn og føresette.
Kven kan vere med?
Programmet er for alle småbarnsforeldre til barn mellom 6 mnd og 2 år i kommunen.
- Er nysgjerrig på korleis du kan få eit endå betre forhold til barnet ditt.
- Er interessert i korleis du kan støtte og hjelpe barnet ditt til ei best mogleg utvikling.
- Vil vite korleis andre føresette løyser vanlege utfordringar.
- Har lyst til å dele tankane og ideane dine med andre.
Gruppene går over 8 gongar med samlingar på ca. 1,5 t. Det er maks 8 deltakarar i kvar gruppe.
Planlagde kurs og påmelding.
Ingen planlagde grupper, men dersom du interessert, ta kontakt med tiltakskoordinator for barn og unge
Meir informasjon:
Foreldrebrosjyre ICDP (PDF, 893 kB)
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kontaktinformasjon
Kontakt tiltakskoordinator for barn og unge