Skulebarn

Kva tilbyr vi?

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) skal bidra til kompetanseheving og organisasjonsutvikling i skular, og skal hjelpe skulane i utviklingsarbeid for å medverke til at alle elevar får tilpassa opplæring i ein inkluderande skule. 

PPT deltek i SamBa skuleteam på barneskulane og ungdomsskulen, og driftar BAPP-grupper.

Skulane har faste kontaktpersonar/pp-rådgivarar som har faste kontaktdagar på skulane.

  • PPT kan gi råd til føresette og personale i skulen om utvikling, opplæring, trivsel og tilpasning.
  • PPT gjer ei utgreiing og gir råd om ein elev har behov for spesialundervisning. PPT skal sørge for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det jfr. Oppl.lova § 5-1. Dette gjeld særleg tilråding om rett til spesialundervisning og kva for opplæring som gir eleven eit forsvarleg opplæringstilbod. Du kan lese meir om PPT og spesialundervisning på UDIR sine sider ved å trykke her.
  • PPT gir sakkunnig uttale om tidleg skulestart.
  • PPT gir råd om logopedbehandling når dette fell inn under kommunen sitt ansvarsområde (sakkunnig vurdering). Les meir om logopedhjelp her.
  • PPT har eige skuleteam, med 3 pedagogisk-psykologiske rådgivarar.

Kven kan få tilbodet?

Føresette og elevar i grunnskulealder.
Personalet i skulane.

Korleis få tilbodet?

Føresette kan ta kontakt i hovudsak gjennom skulen evt. gjennom andre hjelpetenester eller direkte.
Meldeskjema skal fyllast ut. Det skal vere gjennomført naudsynt kartlegging og utprøving av tiltak før melding til PPT.
Stafettlogg skal opprettast.

PPT kan gi råd til skular om barn som ikkje er meldt til PPT, når føresette har gitt samtykke eller det er tilstrekkelig anonymisert.

Skulane kan ta direkte kontakt med sin kontaktperson i PPT eller fagleiar, og aktuelle meldingar kan drøftast på kontaktdagane.

Systemmelding vert sendt til PPT dersom skulane ønsker hjelp til utviklingsarbeid i klasser og liknande.

Kva kostar det?

PPT sine tenester er gratis.

Kva skjer vidare?

Etter meldinga er mottatt vil føresette og meldar få tilbakemelding om planlagt oppstart. Saksansvarleg pp-rådgivar vil gje tilbakemelding undervegs og etter fullført utgreiing.

Etter sakkunnig tilråding om spesialundervisning, skal rektor i skulen gjere vedtak.

Lover og reglar

Opplæringslova

Kontakt

Katrin Salen Torben
Konsulent
E-post
Telefon 95 71 02 22
Mobil 95 71 02 22
Gunnhild Furnes Sæther
Ped.psyk.rådgiver
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 90 14 19 56
Mary Ann Herø
Ped.psyk.rådgiver
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 90 15 30 81
Andrea Bruteig
Ped.psyk.rådgiver
E-post
Mobil 95 40 53 99
Zarya Faraj
Ped.psyk.rådgiver
E-post
Mobil 90 36 61 94
Synnøve Molvær Vågnes
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 70 19 95 43
Mobil 99 53 75 27

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Innbyggartorg og sentralbord er opent måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne måndag - fredag 08:00-15:30.