Vi har ein felles standard/kvalitetssikring som alle skal følgje i arbeidet sitt. Dette skal vere ei kvalitetssikring av arbeidet med elevane for å sikre likeverdig opplæring.
Vi har utarbeidd ei rekke konkrete planar/retningsliner som skal brukast i opplæringa for å kunne møte elevane sine behov for tilpassa opplæring. For å sjekke kvar vi står gjennomfører vi ståstedsanalyse, swot-analyse og elevundersøkingar. Resultata av desse vert gjenstand for felles refleksjon i utviklingstida vår, og naudsynte tiltak vert sett i gang. Vi har innført læringspartner som metode for m.a å få høgare elevaktivitet i læringsarbeidet, og vi gjennomfører kollegarettleiing ein gong pr. skuleår.
Vi ønsker å tilby elevane våre verdibaserte læringsomgivelsar. Forsking viser at relasjonar og tryggleik er viktig for læring. Relasjonskompetanse var tema i kollegarettleiinga. Vi har i løpet av dette skuleåret vidareutvikla vår kompetanse på relasjonar, og har kome fram til nokre retningsliner som alle skal følgje. I tillegg har vi utvikla ei verktøykasse der dei tilsette finn gode tips til korleis dei kan jobbe med relasjonar. Dette er eit ledd i vårt arbeid med å utvikle vår kollektive praksis. Det handlar om kollektive verdiar, haldningar og arbeidsmåtar, og om at vi skal lære elevane om kva det vil seie å vere ein lærande, det handlar om å få opp bevisstheita om kvifor vi er her på skulen.
Vårt overordna mål er at våre felles verdiar, og felles praksis skal synast i alle klasserom på skulen.