Pris/ Søknad om redusert foreldrebetaling

Her finn du prisar for SFO i Sula kommune, i tillegg finn du informasjon om kven som kan søke om redusert foreldrebetaling, og kva du må gjere for å søke om husstanden din er i målgruppa.

Prisar for SFO 01.01.24
Type plass Pris pr. mnd Barn 2 Barn 3
11 fakturaer pr. år 25 % moderasjon 50 % moderasjon
Heil plass 3 678,00 2 759,00 1 839,00
15 timar 2 836,00 2 127,00 1 418,00
12 timar 2 626,00 1 969,00 1 313,00
Kost, alle plasstypar 88,00 pr. mnd
Kortidsopphald pr. dag 376,00
Drop-in 85,00 pr. time

Inntil 12 timar gratis SFO for 1. - 3. trinn

Skuleåret 2022/2023 innførte Stortinget gratis opphald i inntil 12 timar på SFO for 1.klassingar. Frå og med skuleåret 2023/2024 vart ordninga utvida til å gjelde for elevar på  2. trinn, og frå og med skuleåret 2024/2025 vil tilbodet også gjelde for elevar på 3. trinn.

Du treng ikkje søke om å få gratis 12 timar SFO for 1. - 3. trinn, det blir automatisk innvilga.

Korleis fungerer dette?

  • For 12 timars i 1. - 3. klasse vil opphald i SFO vere gratis.
  • For 15 timars plass i 1. - 3. klasse vil opphald i SFO koste 568 kroner i 2024 (gjeld barn 1)
  • For full plass i 1. - 3. klasse vil opphald i SFO koste 1 672 kroner i 2024 (gjeld barn 1)

Har du redusert foreldrebetaling i SFO på grunn av låg inntekt vil du behalde denne reduksjonen, 12 timars gratis SFO for 1. - 3. klassingar vil då bli trekt frå det reduserte beløpet.

Redusert foreldrebetaling SFO og barnehage

Ordningane gjeld for familiar eller hushaldningar som har låg inntekt.  Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein plass i barnehage eller SFO.

Det er kommunen barnet er folkeregistrert i som skal behandle søknad om reduksjon. 

Meir informasjon  og søknadsskjema finn du her.

Gratis  SFO for elevar med særskilte behov 5. - 7. årstrinn

Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn er eit ledd i arbeidet med å sikre at funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. 

Meir informasjon  og søknadsskjema finn du her.

Kontakt

Ragnhild Hanken Skjong
Kommunalsjef
E-post
Telefon 99 73 86 86
Mobil 99 73 86 86
Pål Sindre Digernes
Rådgivar
E-post
Telefon 95 71 22 59
Mobil 95 71 22 59

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Innbyggartorg og sentralbord er opent måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne måndag - fredag 08:00-15:30.