Faste aktivitetar
Frileiken er viktig i SFO. Ungane har også ein del faste aktivitetar dei får vere med på. Barna er delt i grupper på trinn for å sikre at alle får delta på alle aktivitetane i løpet av SFO tida si.
Her er oversikt over aktivitetane våre:
- trinn
|
2.trinn
|
3.trinn
|
4.trinn
|
Gymleik
|
Gymleik
|
Album
|
Sy/strikkegruppe
|
Teiknegruppe
|
Decoupage
|
Gymleik
|
Gymleik
|
Sløydgruppe
|
Sløydgruppe
|
Matlaging
|
Matlaging
|
Sy-/strikkegruppe
|
Sy-/strikkegruppe
|
Sy-/strikkegruppe
____________________
Turgruppe
|
Album
|
Daglege aktivitetar i grupper
|
Teikning
|
Teikning
|
Teikning
|
Teikning
|
Tråd
|
Tråd
|
Tråd
|
Tråd
|
Fine opplevingar som er litt utanom det vanlege
- Heile SFO vert invitert på generalprøven til Sula Grand Prix i februar.
- I mai får vi også russane på besøk. Dei deler ut is og russekort.
- På våren kjem elevar frå Fagerlia VGS og tar over SFO ein ettermiddag.
Klokka 08:20 opnar dørene for dei som ikkje er på SFO om morgonen, då kjem lærarane til klasseromma sine.
Etter skuletid startar SFO med registrering og mat på klasserommet. Deretter er det utetid. Ungane på 1. trinn brukar refleksvestar for å vere meir synlege. Vestane har ulike fargar for å markere dei ulike klassene (A,B,C og D).
Det er viktig at det blir gitt melding dersom eit barn er på skulen, men ikkje skal på SFO. Det er ikkje nok at barnet sjølv gir denne beskjeden.
Det er greitt å gjere avtalar om at ungar skal gå heim til ei fast tid, men vi ønsker ikkje daglege telefonar om å sende barn ned til rundkjøringa.
Vi ønskjer at dei som hentar kjem innom SFO for å sjå kva barna gjer på, og for å rydde litt i garderoba (ta med våte klede o.l). Ungar på 1. trinn skal alltid hentast på basen.
Vi ønskjer at de foreldre skal hjelpe oss med å halde orden på plassen til barnet dykkar. Merk alle klede, matbokser og drikkeflasker. Ekstra skift skal ligge i korga.
Vi bruker innesko på skule og SFO.
Dette er ei koseleg stund. Vi fortel vitsar, gåter og snakkar om det som opptar ungane.
Vi serverer frukt eller grønsaker to dager i veka.
Både torsdag og fredag får ungane mat på SFO. Torsdag har vi varmt måltid. På menyen står det: fiskekaker, lapskaus, tomatsuppe, hamburger, kyllingpølse, ostesmørbrød og havregraut.
Fredag har vi brødmåltid. Vi serverer vatn til alle måltid.
For å gjere SFO til ein enda betre plass for ungane, ønsker vi tilbakemelding på positive og negative opplevingar på SFO. Vi har skjema og kasse hengande i gangen. Skjema kan leverast anonymt.
Søknad om plass i SFO eller endring av type plass, skal gjerast elektronisk via oppvekstportalen. Logg inn med «MIN ID»
Det er ein månad oppseiing, som gjeld frå den 1. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp seinare enn 1. april med verknad frå 1. mai. Oppseiing eller endring av plasstype for barn med plass i SFO for neste skuleår (august) skal skje innan 1.juni.
Skulefrie dagar er når skulen har stengt, men SFO er opent.
Vi har tre viktige målsettingar for feriane
- Alltid ut på tur, aldri sur
- Barna skal ha feriefølelse
- Barna skal ha andre dagar enn det dei har til vanleg
Vi held opent/stengt
- August før skulestart
Vi har 3 dagar planleggingstid før skulen startar saman med lærarane SFO er stengt desse dagane.
- Haustferie
- Jul: SFO held opent frå skulen stenger, fram til lille julaften. Romjul er stengd.
- Vinterferie
- Påske: Skule og SFO er stengt.
- Juni – etter siste skuledag. SFO held opent etter skulen stenger og fram til 30. juni.
- SFO held stengt heile juli månad
- SFO har 2 planleggingsdagar utanom dei 3 som er lagt til august. Desse vil bli lagt ut i IST home og du finn dei i skuleruta.
Om vi er færre enn 5 påmeldte barn i feriar, må SFO stenge – jamfør vedtekter i Sula kommune. (PDF, 229 kB)
Kor mange timar kan barnet vere på SFO
- Elevar med full plass kan nytte opningstida alle skulefrie dagar.
- Elevar med 12-timars plass, kan nytte SFO 2 dagar pr. veke i skulefrie periodar.
- Elevar med 15-timars plass, kan nytte SFO 3 dagar pr. veke i skulefrie periodar.
- Elevar med redusert plass (12t og 15t) kan kjøpe enkeltdagar om ein treng, men dette må avtalast i god tid før ferien.
Påmeldingsfrist for skulefrie periodar
- August før skulestart: 15. juni
- Haustferien: 15. september
- Jul: 15. november
- Vinterferien: 15. januar
- Juni etter skuleslutt: 15. mai.
Det vil ikkje være mogleg å melde på barn etter fristen – jamfør vedtekter til Sula kommune. Vi opplever at SFO på skulefrie dagar er kjekt for både barn og vaksne.