- Fjelldag
- Aktivitetsdag i markane
- Samlingsstunder
- Adventsstunder
- Karneval
- Skulen-og elevens val
- Idrettsdag
- Sosialt årshjul
- Mitt val
- Vi er medlem av leikepatruljen. Dette er med på å skape god leik i friminutta, og dei eldste får vere med på å bestemme og organisere. Dette ligg det mykje glede og god læring i.
- Betre tverrfagleg innsats (BTI)
- PPT er ein viktig støttespelar for skulen. PPT-kontoret held til i Langevåg, men i administrasjonsfløya på Rørstadmarka skule har vi no kontor som PPT kan nytte når dei samarbeider med skulen, tilsette eller føresette. PPT har jamne møter med skulen og ønskjer å vere ein større del av miljøet ved skulane. PPT si viktigaste oppgåve er å gje pedagogiske og psykologiske råd, særleg i høve tilrettelegging av undervisninga for elever med særskilde behov. PPT skal òg fungere som støtte i direkte kontakt med føresette, elevar og lærarar. Bår PPT vil også bistå med ulik grad av kartlegging om vi treng hjelp til det.
- Helsesjukepleiar. Vi har eige kontor til helsesjukepleiar, du finn kontert hennar i administrasjonsfløya. Helsesjukepleiar er stasjonert på skulen 4 dagar kvar veke; tysdag – fredag.
- Samba. : Tverrfagleg samarbeid der foreldre blir sett på som den viktigaste samarbeidsparten. Sula kommune ønskjer å bli betre i sitt arbeid med å tilby tidleg hjelp til bar og familiar som av ulike årsakar slik i kvardagen. Vil tilbyr SamBa (saman om barna). SamBa skal vere eit lavterskertilbod der både foreldre, skule eller andre kan melde behov for rettleiing.
- Skilsmissegrupper. Blir gitt i regi av helsesjukepleiar. Dette er eit tilbod som rettar seg mot dei barna som har to heimar.
- BAPP-grupper. Blir gitt i regi av helsesjukepleiar. Dette er eit tilbod til barn med foreldre med psykiske vanskar eller avhengigheitsvanskar.
barnevern
Elevsyn ved Rørstadmarka skule
Ved Rørstadmarka skule ønskjer vi at elevane:
- kjenner seg verdifulle
- opplever omsorg, blir sett, snakka med og lytta til
- opplever ein trygg og forutsigbar skulekvardag
- blir møtt med tydelege, positive og samkøyrde vaksne.
- får konstruktive tilbakemeldingar på ein trygg måte
- opplever tillit og ansvar
- blir behandla likeverdig og med respekt.
- er inkluderte og ein del av fellesskapet
Læringssyn ved Rørstadmarka skule
Vi ønskjer at elevane ved Rørstadmarka skule
- får oppleve eit læringsmiljø som skaper glede, trivsel og lyst til å lære
- får tilpassa opplæring slik at dei opplever meistring, i tråd med eigne evner og føresetnader
- møter eit læringsmiljø som er oversiktleg med tydelege forventningar og mål
- møter lærarar som er engasjerte, godt førebudde og skaper motivasjon
- får lære seg å arbeide sjølvstendig og får trening i å samarbeide med andre
- øver på å vurdere eiga læring
- utviklar livsmeistringskompetanse
- forstår at elev, føresette og lærarar saman har ansvar for eleven si læring.
- opplever gode relasjonar mellom skule- heim.
- Elevråd.
Elevrådet skal fremme fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.
- Elevsamtalar 2 gongar per år
- Utviklingssamtalar 2. gongar i året
Tidleg kvar haust blir det i kvar klasse arrangert eit klasseforeldremøte. Om det ikkje har vore gjort før, skal det då veljast klassekontakter.
Klassekontaktene skal
- Planleggje foreldremøte saman med kontaktlærarane.
- Halde god kontakt med andre foreldre og formidle deira synspunkt og innspel inn mot lærarane og leiinga ved skulen.
- Møte i FAU og fremje foreldra sine interesser der.
Er heimla i opplæringslova og samansett av klassekontaktene.
FAU skal
- Fremje fellesinteressene til foreldre og føresette.
- Medverke til at foreldre og føresette kan ta aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø.
- Medverke til godt samarbeid mellom heim og skule.
- Medverke til positiv utvikling av elevane.
- Skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet.
Samarbeidsutvalet er skulen sitt høgste rådgjevande organ. Elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette er representerte i SU. I tillegg har kommunen to representantar, og rektor skal vere den eine av desse.
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen t.d:
- Forslag til budsjett.
- Verksemds-og utviklingsplan for skulen.
- Plan for samarbeid skule- heim.
- Skulevurdering.
- Planar for ombygging og vedlikehald.
- Skulen si informasjonsverksemd.
- Skuleskyss.
- Trafikktilhøve.
- Ordensreglement.