Om oss

Overordna mål for verksemda 

Skulefritidsordninga skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal ha gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.  

I retningsliner for SFO i Sula (PDF, 229 kB) heiter det at "SFO i Sula skal vere eit pedagogisk stimulerande omsorg- og fritidstilbod for barn på 1. – 4. årstrinn og for barn med særskilte behov på 1. til 7. årstrinn." 

Målsetting 

SFO er ein del av skulen si totale virksomheit, men også ein stor del av barna si fritid. Den frie leiken blir derfor vektlagt på SFO. Det blir tilrettelagt for at barna skal kunne utfalde seg etter eigne ønsker, innafor trygge rammer og med rettleiing av ein vaksen dersom det trengs. Gjennom leik får barna vere ilag, og dei får utvikle seg sosialt både i store og små grupper, på tvers av kjønn, alder og interesser.  
 
SFO følgjer same ordensreglane på området som elles gjeld ved Rørstadmarka skule, noko som gjer det stabilt og oversikteleg for barna. 
 
Rørstadmarka SFO skal vere ein trygg og god stad der barna sin ønsker og behov blir vektlagt. Organiseringa av dagen skal pregast av barna sine behov for leik, kulturaktivitet og sosial læring. Barna er spontane vesen, så det må vere rom for å endre planar etter ønsker og impulsar barna har den aktuelle dagen. Dei vaksne ved SFO vil gi tilsyn og omsorg slik at barna føler seg trygge og trivast på skulefritidsordninga.  

Lover og reglar

Opplæringslova § 13-7 
Rammeplan for SFO (udir.no)
Retningslinjer for SFO i Sula kommune (PDF, 229 kB)

Adresse

Adresse:
Rørstadmarka 75-77
6035 Fiskarstrand

Organisasjonnummer
Skule: 928523 683
SFO:  929245 997

Opningstider

Måndag - torsdag
07:15 - 08:30 og 13:15 - 16:15

Fredag
SFO opnar 12:30 for å ta i mot 1. klassingane som er ferdige på skulen 12:30.