På Rørstadmarka skule har SFO eigen base. Denne finn du ved å ta til høgre etter garderoba eller ved å gå rett fram om du går inn hovedinngangen. SFO basa har to grupperom og vi brukar 1. klasseommet ved behov. Elles har vi sambruk med skulen når det gjeld skulekjøkken, sløyd, formingsrom, hjarterom og hallen. Elevane nyttar same garderobe som dei gjer i skuletida.
Slik ser dagen på SFO ut
- 07:15: SFO opnar. Medbrakt frukost og/eller roleg leik. Vi går ut eller nyttar hallen frå 08.00 – 08.30.
- 13:15 SFO ettermiddag startar. Vi tek innkryssing i klasseromma.
- 13:20 – 14:15 fast aktivitetstid
- 14:15 – 14:45 Måltid
- 14:45 – 16:15 Frileik
- 16:15 SFO stenger
SFO er open 11 mnd pr år i perioden 1. august til og med 30.juni påfølgjande år. Påmelding til skulefrie perioder vil de få etterkvart.
Frukost
Dei barna som kjem på SFO før skuletid, har tilbod om å ete matpakke som dei må ha med heimanfrå.
Ettermiddagsmat
To dagar i veka får barna mat på SFO. Dei tre andre dagane må barna sjølv ha med ekstra matpakke.
Mange av barna brukar drikkeflaska si til dette måltidet også. Vi har koppar til dei som ikkje har bruke drikkeflaskene.
Her kan du bestille mjølk om du vil at barnet skal ha det til måltidet.
Frileik og eigne val
Barn lærer gjennom leik, og brukar leik til å bearbeide opplevingar. Dei vaksne på SFO legg til rette for at barna skal få utfolde og utvikle seg i tida dei er på SFO. Fordi SFO er ein del av fritida til barna står frileik og eigne val i sentrum, men sjølvsagt i trygge og organiserte rammer.
- Matpakke
- Innesko/gymsko
- Ytterkle etter årstida ( regnkle/støvlar, vinterkle/vottar/huer)
- Ekstra kle – frå innerst til ytterst
Husk å merke kle og utstyr godt!
Hugs å sjå igjennom korgene til barna med jamne mellomrom!
Dette er spesielt viktig å tenke på for dei som har barn som går heim sjølve.