- Mitt val
- Vi er medlem av leikepatruljen. Dette er med på å skape god leik i friminutta, og dei eldste får vere med på å bestemme og organisere. Dette ligg det mykje glede og god læring i.
- Betre tverrfagleg innsats (BTI)
- PPT er ein viktig støttespelar for skulen. PPT-kontoret held til i Langevåg, men vi har jamne møter på skulen, der vi kan samtale om utfordringar som skulen har. PPT si viktigaste oppgåve er å gje pedagogiske og psykologiske råd, særlig i høve til tilrettelegging av undervisninga for elevar med særskilde behov. PPT skal òg fungere som støtte i direkte kontakt med føresette, elevar og lærarar. Vår PPT vil også bistå med ulik grad av kartlegging om vi treng hjelp til det.
- Helsesjukepleiar. Vi har ein eigen helsesjukepleiar som er hos oss kvar fredag. Ho har kontor ved administrasjonen.
- Samba. Tverrfagleg samarbeid med foreldre som viktigaste samarbeidspart. Sula kommune ynskjer å bli betre i sitt arbeid med å tilby tidleg hjelp til barn og familiar som av ulike årsakar slit i kvardagen. Vi tilyr SamBa (saman om barna). SamBa skal vere eit lavterskeltilbod der både foreldre, skule eller andre kan melde inn behov for rettleiing.
- Skilsmissegrupper. I regi av helsesjukepleiar. Eit tilbod som rettar seg mot barn med to heimar
- BAPP-grupper. I regi av helsesjukepleiar. Eit tilbod som rettar seg mot barn med foreldre med psykiske vanskar eller avhengigheitsvanskar.
- Barnevern
Elevsyn
Alle elevane ved Solevåg skule
- er like verdfulle og skal behandlast med respekt
- skal oppleve å bli sett i løpet av dagen
- skal føle seg trygge - skal føle tilhørigheit
- skal møte ein tilpassa skulekvardag
- skal møte tydelege, samstemte, forutsigbare og omsorgsfulle vaksne
- skal oppleve å ha venner
- skal oppleve å bli tatt på alvor og bli lytta til
Praktiske konsekvensar
Læringssyn
- Elevane lærer best når dei trivst og er trygge.
- Elevane lærer best når dei møter variert og tilpassa undervisning.
- Elevane lærer best når dei har føresette som tek ansvar og ser at dei er viktige for eigne barn sin motivasjon og læringsutbytte.
- Elevane lærer best når dei har fysisk aktivitet kvar dag.
- Elevane lærer best når dei er delaktige i utforming av eigne mål for kunnskap, dugleik og haldning.
- Elevane lærer best når dei møter tydelege krav til eigeninnsats, blir vurderte og får tilbakemeldingar.
Praktiske konsekvensar
- Elevråd.
- Elevsamtalar 2 gongar per år
- Utviklingssamtalar 2. gongar i året
Tidleg kvar haust blir det i kvar klasse arrangert eit klasseforeldremøte. Om det ikkje har vore gjort før, skal det då veljast klassekontakter.
Klassekontaktene skal
- Planleggje foreldremøte saman med kontaktlærarane.
- Halde god kontakt med andre foreldre og formidle deira synspunkt og innspel inn mot lærarane og leiinga ved skulen.
- Møte i FAU og fremje foreldra sine interesser der.
Er heimla i opplæringslova og samansett av klassekontaktene.
FAU skal
- Fremje fellesinteressene til foreldre og føresette.
- Medverke til at foreldre og føresette kan ta aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø.
- Medverke til godt samarbeid mellom heim og skule.
- Medverke til positiv utvikling av elevane.
- Skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet.
Samarbeidsutvalet er skulen sitt høgste rådgjevande organ. Elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette er representerte i SU. I tillegg har kommunen to representantar, og rektor skal vere den eine av desse.
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen t.d:
- Forslag til budsjett.
- Verksemds-og utviklingsplan for skulen.
- Plan for samarbeid skule- heim.
- Skulevurdering.
- Planar for ombygging og vedlikehald.
- Skulen si informasjonsverksemd.
- Skuleskyss.
- Trafikktilhøve.
- Ordensreglement.