Elevsyn - praktiske konsekvensar
Alle elevane ved Solevåg skule
Er like verdfulle og skal behandlast med respekt
- uavhengig av alder/kjønn
- uavhengig av bakgrunn/tidlegare episodar
- uavhengig av prestasjonar, gi hjelp/utfordringar til alle
- vere bevisst eigen oppførsel/behandling av elevar
Skal oppleve å bli sett i løpet av dagen
- ein del leksjonar i ”Det er mitt val”
- vi må finne måtar å gi positive tilbakemeldingar på til elevane (dagleg), t.d. gule lappar, handhelse, klapp på skuldra
Skal føle seg trygge
- synlege og aktive vakter ute
- vere bevisst på å nytte fadderordninga
- vaksne som bryr seg og ser til at alle har det greitt
- vi vaksne må vere tydelege, forutsigbare - dagen bør vere forutsigbar
- klare og enkle ordensreglar
- elevane må oppleve å bli tatt på alvor når dei seier ifrå
- når dei som har vakt er borte, må desse erstattast
Skal føle tilhørigheit
- alle skal høyre til i ei klasse
- alle elevane skal sjå noko av sitt arbeid på veggen
- Mama Clara-prosjekt
- at foreldra føler seg velkomne
- elevar få vere med på å pynte på skulen
Skal møte ein tilpassa skulekvardag
- tilpassa planar
- meir vurdering av kvar dei står fagleg og sosialt
- må hugse dei flinkaste og dei stillaste
- ikkje gløyme klassa si effekt på felles læring
- mappevurdering, bruk av denne
- elevsamtalar, meir bruk og meir målretta
- utarbeide læringstrapper
- legge til rette for ulike læringsstilar
- betre tilrettelagt uteområde
Skal møte tydelege, samstemte, forutsigbare og omsorgsfulle vaksne
- klare og enkle ordensreglar -
- arenaavklaring -
- info til vikarar og nytilsette om reglar og rutinar
Skal oppleve å ha venner
- besøksgrupper
- tiltak når nokon opplever å ikkje ha vener
Skal oppleve å bli tatt på alvor og bli lytta til
- skal oppleve å bli tatt på alvor og bli lytta til når dei seier ifrå
- elevane må lærast opp til å leggje fram saka si på ein skikkeleg måte
- lære elevane til å halde avtalar/reglar
- vi vaksne må behalde roa sjølve og prøve å sjå saka frå eleven sin ståstad