Utdanningsdirektoratet har no kome med tydelege tilrådingar om kva som skal vere tillate på elevane sine digitale einingar gjennom sin nasjonale rettleiar «Korleis beskytte elevar mot skadeleg innhald på nett» som ligg på udir.no.
Sula kommune har via eKommune Sunnmøre ein eigen profil som er lagt på alle læringsbrett. Denne profilen hindrar blant anna elevane frå å logge på App Store, iCloud, installere «public apps», slette alt på eininga og mange andre restriksjonar. Denne profilen er basert på erfaring frå andre skular og deira bruk av læringsbrett. Profilen inneheld også innstillingar på alle læringsbrett for alle elevar.
Profilen kommunen har lagt inn er låst til kvart enkelt læringsbrett. Den er alltid aktivt uansett kvar eleven måtte vere kopla til internett; heime, på skulen eller tilkopla andre nett. Synlege sikkerheitsbrot vert handtert fortløpande av skulen/kommunen. Skulen kan slette og reinstallere innhald på eininga jamfør retningsliner som er sett for bruken av læringsbrett i Sulaskulen.
Sula kommune har via eKommune Sunnmøre også gått til innkjøp av ei god filterløysing, kalla Umbrella. Denne løysinga fungerer like godt på heimenettverk som på skulenettverket. Umbrella var i oktober 2024 rulla ut på alle læringsbrett i Sulaskulen. Dette filteret er ein del av profilen som ligg på alle læringsbrett.
Dette gjer at vi i større grad kan bestemme kva elevane skal vere skjerma for. Filterløysinga klarer å stoppe reklame og søk på ikkje ønska innhald som pornografi eller anna skadeleg innhald.
Det vil dessverre likevel kunne skje at elevane likevel blir utsett for ikkje ønska innhald på internett. Det er derfor viktig at skulen, lærar og føresette rustar elevane best mogleg til å handtere situasjonar der dei kan bli møtt med slikt innhald.
Vi har kontinuerleg fokus på å gje alle elevane frå 1. til 10.trinn digital danning gjennom haldningsskapende arbeid og opplæring i nettvett. Sula kommune har eit eige prosjekt som går på nettvett og som skal bu barna på å ferdast i den digitale verda, der barn og føresette har fått opplæring i kva nettvett/digital danning er.
Ekstra beskyttelse for dei yngste elevane
Sula kommune har, i samarbeid med eKommune Sunnmøre, utvikla eit «tillat-filter». Dette inneber at internettlesar på læringsbretta blir stengd for alt anna enn dei nettstadene skulane har definert som relevante. Dette er spesielt viktig når dei yngste elevane nyttar digitale einingar på eiga hand, anten på skulen eller heime.
Dei yngste elevane, definert som 1. og 2. trinn i Sula, vil med dette filteret berre ha tilgang til nettstader og appar som skulane meiner er naudsynte for undervisninga. Vi vil på 1. og 2.trinn arbeide særleg med å utvikle nettvett, digital dømmekraft og digital kompetanse slik at dei er stiller litt meir rusta til 3.trinn når «tillat-filter» blir slått av og elevane «berre» har Umbrella filter