Rutinar reglar og prosedyrar - Solevåg skule

Litt om organiseringa av ein vanleg skuledag 

  •  SFO er open kvar dag frå kl 07:15-08:30 og frå 12:10/13:05-16:30.  
  • Fotballbana er fordelt mellom klassene etter eit system som elevrådet vedtek kvart år.
  • Ingen i storskulen har lov å sparke fotball nede på skuleplassen.
  • Det er forbode å bruke sko med svarte såler som lagar svarte strek i idrettshallen.
  • Ei oppfordring til foreldra frå FAU og rektor:  
    •  Ring til skulen om morgonen når elevane er sjuke.  SFO får evt. automatisk beskjed.
    • Det er forbode å køyre opp til skuleplana mellom 07:00-16:30.            
    • NB!  Når de får nytt telefonnummer, privat og/eller på arbeid, så gi skulen beskjed om dette!  

For å lette den daglege drifta arbeider vi etter desse faste prosedyrane (sterkt forenkla) 

D-1:  Vaktordning

Til vanleg 4 stk. ute i kvart friminutt. Vaktene har tilsyn med ulike delar av uteområdet. Vaktskifte kl.11:10 i matfriminuttet. 
 
D-2:  Hjelmkontroll

3-4 kontrollar pr. ½-år. Ansvarspersonen kan ta imot negative registreringar (ikkje             bruk av hjelm) frå alle vaksne ved skulen. Premiering og diplom til flinkaste klasse.         D-3:  Når ein elev syner dårleg framferd: Om ein elev blir talt til rette og dette ikkje hjelp, eller ved klare brot på ordensreglane, blir det skrive ei ”melding om tilsnakk” på eleven. Denne blir overlevert til kontaktlærar som også snakkar med eleven. Om dette heller ikkje hjelp, blir heimen kontakta. Neste trinn er evt. At rektor blir involvert. Eleven og foreldra blir då kalla inn til møte. Ved grove overtramp/episodar blir føresette kontakta straks!  Meldingar som inkl. mobbesituasjonar blir ikkje makulerte, men arkiverte på skulen. 
 
D-4:  Skader på elevutstyr

Når ein elev skader/øydelegg andre sine ting, skal elevane sine føresette informerast av kontaktlærar/evt. Rektor. Her blir dei oppfordra om å gjere opp seg imellom. Etter 2 veker snakkar kontaktlæraren med elevane om saka. Om neg. Resultat; rektor tar ny kontakt. Føresette er juridisk ansvarleg for sine barns øydeleggingar inntil eit beløp på 5000 kr. 
 
D-5:  Snøballkastingspros

Forbode å kaste snøball innanfor skuleområdet. Attsitting, frå ½-1 time    etter omfang, helst den næraste måndagen. Foreldra får beskjed. Elevane kan få div. rydde- oppgåver av rektor/vaktmeister. 
 
D-6:  Bokerstattningspros

Ved skulestart får elevane utdelt mange nye, og svært dyre, bøker. Tapt/øydelagt bok skal erstattast slik: 100 % ved ny, 50 % ved brukt og 10 % ved gml. Bok. 
 
D-7: Ulovleg bruk av mobiltlf., dataspel,  i-pod og liknande:

Slik bruk medfører beslag. Utstyret blir levert til rektor. Eleven må sjølv hente dette på rektors kontor etter skuleslutt. Ved fleire beslag på kort tid, blir føresette kontakta. Avtale om reaksjonsmåte blir avtala med rektor. 
 
D-8: Medisinering av elevar

Før dette kan skje, skal det liggje føre skriftleg avtale mellom skule og heim. Tilsette kan reservere seg mot slik medisinering av elevar. Føresette har ansvaret! 

  •  Skulen har og div. «Arenaavklaringar»; retningsliner for korleis elevane skal oppføre seg i gitte situasjonar. 

Andre rutinar i løpet av året: 

  • Orienterande foreldremøte i kvar klasse like etter skulestart og minimum 2 kontaktmøte pr. år.
  • Felles fjelltur om hausten og evt. felles skidag i feb./mars.
  • 2 stk. brannøvingar pr. år , ei av øvingane er umeldt.
  • Mobbeundersøking i okt./nov. kvart år.  
  • Ei ”Kunst- og kulturveke” om hausten, og ei ”Friluftsveke” om våren.  
  • Grunnskuleveka, i nov.: her har FAU som regel eit kveldsarrangement med bl.a. tombola.
  • Felles nissegraut like før jul. / Evt. Avslutningsfest til jul.(ansvaret hos kontaktlærarane).
  • Skulegudsteneste til jul og til påske.(elevar kan følgje alternativt opplegg på skulen)
  • Avslutning/fellesarrangement før sommarferien; som regel i Sundsmyra (ansvar: FAU).
  • Div. teaterframsyningar og konsertar gjennom ”Kulturnista.”