Om oss

Overordna mål for verksemda 

Skulefritidsordninga skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal ha gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.  

I retningsliner for SFO i Sula (PDF, 45 kB) heiter det at "SFO i Sula skal vere eit pedagogisk stimulerande omsorg- og fritidstilbod for barn på 1. – 4. årstrinn og for barn med særskilte behov på 1. til 7. årstrinn." 

Målsetting 

SFO er ein del av skulen si totale virksomheit, men også ein stor del av barna si fritid. Den frie leiken blir derfor vektlagt på SFO. Det blir tilrettelagt for at barna skal kunne utfalde seg etter eigne ønsker, innafor trygge rammer og med rettleiing av ein vaksen dersom det trengs. Gjennom leik får barna vere ilag, og dei får utvikle seg sosialt både i store og små grupper, på tvers av kjønn, alder og interesser.  

SFO følgjer same ordensreglane på området som elles gjeld ved Solevåg skule, noko som gjer det stabilt og oversiktleg for barna. 
 
Solevåg SFO skal vere ein trygg og god stad der barna sine ynskjer og behov skal vektleggast. Organiseringa av dagen skal pregast av leik, kulturaktivitet og sosial læring. Dei vaksne ved SFO vil gi tilsyn og omsorg slik at barna føler tryggleik og trivsel ved skulefritidsordninga.  

Lover og reglar

Opplæringslova § 13-7 
Rammeplan for SFO (udir.no)
Retningslinjer for SFO i Sula kommune (PDF, 112 kB)

Adresse

Besøksadresse:
Solevågseidet 57 
6037 Eidsnes

Postadresse:
Postboks 3
6037 Eidsnes

Organisasjonsnummer:
Skule: 975277151

Opningstider

SFO opnar klokka 07:15 og stenger kl. 16:15.

SFO er åpen 11 månadar per år, frå 1. august til og med 30 juni påfølgande år. Påmelding til skulefrie perioder vil de få etterkvart.