På Solevåg SFO har vi delt oss i to basar i nybygget:
Base A
Vi ligg i tredje etasje, her har 1. klassigane eigen base. Her er også SFO sitt kjøkken som barna får servert ettermiddagsmat frå torsdagar og fredagar. Vi brukar også grupperom som tilhøyrer basen og klasserom/grupperom til inndeling i mindre grupper.
Base B
Vi ligg i andre etasje rett under Base A. Her held 2., 3., og 4. trinn til. Vi brukar grupperom som høyrer til basen, språkverkstad og næraste klasserom for å dele inn i mindre grupper.
Felles
Vi brukar gymsal, språkverkstad, bibliotek og nærmiljøet flittig i SFO tida.
Elevane brukar same garderoba som dei gjer i skuletida.
Før skuletid
På skulekvardagar held SFO til på sosialt rom om morgonen.
- 07:15 SFO opnar. Medbrakt frukost og/eller roleg leik.
- 07:45 Hallen opnar for dei som ønsker å vere aktive om morgonen.
- Måndag og fredag frileik
- Onsdag, torsdag og fredag er det organiserte leikar.
- Vi kryssar dei ut og følger dei yngste til garderobane.
Etter skuletid
- 13:15 (12:00 base A fredagar) SFO ettermiddag startar. Vi tek innkryssing i klasseromma.
- 13:15-14:00 Basane er samla ute med leik. Vi har mindre grupper inne med ein vaksen- her har basane ulike dagar.
- 14:10 – 14:35 Måltid
- 14:45– 15:30/15:45: Vi har ofte 2 eller 3 deling av leik. (Frileik, organisert leik av vaksen og roleg rom for dei som treng ei pause.)
- 15:30/15:45-16:15: Vi samlar oss basevis inne på base A eller ute.
SFO er open 11 mnd pr år i perioden 1. august til og med 30.juni påfølgjande år. Påmelding til skulefrie perioder vil de få etterkvart.
Frukost
Dei barna som kjem på SFO før skuletid, har tilbod om å ete matpakke som dei må ha med heimanfrå.
Ettermiddagsmat
To dagar i veka får barna mat på SFO. Dei tre andre dagane må barna ha med ekstra matpakke heimanfrå.
Mange av barna brukar drikkeflaska si til dette måltidet også. Vi har koppar til dei som ikkje kan bruke drikkeflaskene.
Barna skal ha med
- Matpakke
- Innesko/gymsko
- Ytterkle etter årstida ( Solkrem/regnkle/støvlar, vinterkle/vottar/huer)
- Ekstra kle – frå innerst til ytterst
Husk å merke kle og utstyr godt!
Hugs å sjå igjennom korgene til barna med jamne mellomrom!
Dette er spesielt viktig å tenke på for dei som har barn som går heim sjølve.