Kva er MOT
MOT er eit verktøy for å oppnå livsmeistring og god psykisk helse, og utvikle robust ungdom som inkluderer alle.
MOT – til å leve
MOT – til å bry seg
MOT – til å si nei
MOT er eit helsefremmande og førebyggande program i skulen som jobbar systematisk og langsiktig. MOT har som mål å skape gode oppvekstmiljø for barn og unge. MOT har fokus på å styrke sjølvtillit, bevisstgjering på det å ta eigne val og utvikle robust ungdom som inkluderer alle. MOT kan brukast som eit verktøy for å oppnå livsmeistring og god psykisk helse
Meir informasjon om MOT
MOT i Sula kommune
Sula kommune har vore MOT kommune sidan 2002. I Sula blir MOT sitt program «Robust ungdom 12-16» brukt i ungdomskulen.
Programmet består av 12 MOT-økter i løpet av ungdomsskulen (8-10 klasse). MOT-øktene har varierande tema, men MOT sine verdiar – MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å si nei, er ein raud tråd gjennom heile MOT sitt program.
Det er utdanna 6 lokale MOT coacher i kommuen som arbeider aktivt og særskild mot ungdomskulenivå.